Hopp til innhold

Nordmenn avhøyrt – risikerer sju år i fengsel

NICOSIA/OSLO (NRK): Politiet på Kypros seier dei bruker store ressursar på etterforskinga av dei tre nordmennene som er sikta for forsøk på barnebortføring på Kypros.

politistasjon Kypros

FENGSLA: Politistasjon i den kypriotiske hovudstaden Nikosia, der ein av nordmennene sitt fengsla.

Foto: Tore Tollersrud / NRK

Ifølgje politiet på Kypros har dei aldri vore bort i ei liknande sak.

– Vi ser svært alvorleg på denne saka, og har sett ned store ressursar på etterforskinga. Ho blir høgt prioritert, seier pressetalskvinne for politiet på Kypros, Nicoletta Tirimou til NRK.

– Strafferamma for det dei tre er sikta for er sju år i fengsel, seier Tirimou.

De tre nordmennene som er pågrepet mistenkt for å skulle forsøke å bortføre et barn har forklart seg for første gang.

Forklarte at dei skulle hente bil

Den tidlegare torpedoen Espen Lee, ein 40 år gammal mann frå Austlandet og ein 28 år gammal mann frå Østfold vart arresterte i ein drosje på veg frå den tyrkiske til den greske sida natt til måndag, sikta for forsøk på å bortføre ei tre år gammal jente frå heimen til hennar gresk-kypriotiske mor i Nikosia.

– Vi stoppa drosjen i kontrollposten på veg frå den tyrkiske til den greske sida av Kypros, og arresterte dei. Dei forklarte at dei var på veg for å hente ein bil for ein norsk oppdragsgjevar hos ekskona hans, seier Tirimou.

Det trur ikkje politiet og påtalemakta på. Dei meiner dei tre var i ferd med å bortføre den tre år gamle dottera til eit norsk-kypriotisk par, som har krangla om omsorgsretten for barnet, både i norsk og kypriotisk rett.

Avhøyra held fram

CYPRUS-CONFLICT-NICOSIA

NIKOSIA: Dei tre nordmennene sitt fengsla på ulike stader i den kypriotiske hovudstaden Nikosia.

Foto: PATRICK BAZ / Afp

Politiet trur mennene hadde planar om å ta med seg jenta til den tyrkiske sida av Kypros, fordi ho står på ei såkalla stoppliste på hovudflyplassen på den greske sida.

– Ut frå den informasjonen vi har trur vi dei har vore her tidlegare for å planlegge bortføringa, seier Tirimou.

Den tre har vore i avhøyr hos politiet i den kypriotiske hovudstaden Nikosia i dag. Avhøyra vart utsett, på grunn av tolkeproblem, men no opplyser politiet at dei vil halde fram utover ettermiddagen.

Mennene blir framstilt for nye varetektsfengslingar i morgon. Politiet har enno ikkje bestemt seg for om dei vil krevje forlenga varetektsfengsling.

Vil ikkje ha bistand

De tre mennene har ikkje bede om konsulær bistand frå Det norske utanriksdepartementet. Dei nektar for å ha gjort noko gale.

Espen Lees norske forsvarar, John Christian Elden, sa til NRK tysdag at hans klient nektar for å ha gjort noko straffbart. På spørsmål om han hadde planar om å hente eit barn heim til Norge, svarer Elden:

– Eg vil ikkje kommentere innhaldet i den forklaringa han skal gje politiet på Kypros. Det er det han er skulda for, han nektar skuld når det gjeld dette.

Ifølgje VG har barnefaren fått bistand frå norske styresmakter i sin kamp for å få dottera tilbake til Norge.

SISTE NYTT

Siste nytt