Hopp til innhold

Vil ta sjøen i bruk for å få naudhjelp inn til Gaza

Fleire europeiske og arabiske land jobbar med å etablere ein skipskorridor for nødhjelp direkte til Gaza.

b1yXcQst4cs

Onsdag sende Frankrike militærskipet Tonnerre til Middelhavet. Ifølge president Emmanuel Macron for å bidra med medisinsk støtte til sjukehusa på Gaza. Då dette bildet vart tatt i 2020 var det på veg til Beirut for å hjelpe til der.

Foto: Christophe SIMON / AFP

Både utanriksminister Espen Barth Eide og Norsk Folkehjelp er positive til planane om naudhjelp til Gaza over sjøen og det at Israel spør etter sjukehusskip, men held fast ved viktigheita av at naudhjelp også slepp inn over landegrensene.

– Vi må framleis også halde fokuset på at naudhjelp i store kvanta som står på egyptisk side, lettare kan kome inn, seier Eide.

Hjelp via sjøvegen og sjukehusskip kan bidra noko, spesielt til kompliserte skadar, men vil ikkje verkeleg monne, svarar Ballestad.

Ifølgje dei Hamas-kontrollerte palestinske helsemyndigheitene har 9488 palestinarar blitt drepne på Gazastripen sidan 7. oktober.

På israelsk side har over 1400 israelarar blitt drepne.

Dette er saka

16 av Gaza sine 35 sjukehus er ute av drift fordi dei manglar drivstoff til straumgeneratorar, opplyste helsedepartement der på torsdag.

Same dag sa Israel sin ambassadør i Tyskland at dei har bede andre land om å sende sjukehusskip som kan behandle skadde palestinarar som får sleppe ut av Gaza over grensa til Egypt.

Israel er i samtaler med andre land om å få på plass skip med sjukehuskapasitet til å behandle folk frå Gaza, bekrefta USA sin spesialutsending til Midtausten, David Satterfield laurdag.

Samstundes jobbar fleire europeiske og arabiske land jobbar no med å opprette ein naudhjelpskorridor via sjøen til Gaza, skriv nyheitsbyrået AP.

Frankrike og Kypros er blant landa som har tatt initiativ til å sende naudhjelp via den kypriotiske hamnebyen Limassol så snart forholda i den omringa enklaven tillèt det.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu «såg initiativet i eit positivt i lys» då han snakka med Kypros' president Nikos Christodoulides på telefon tysdag kveld, ifølge den kypriotiske presidenten sin talsperson.

Fleire land jobbar no med å få sendt naudhjelp inn til Gaza via havet.

Ber Israel opne endå ein grenseovergang

Med omsyn til naudhjelp via sjøen seier utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) at regjeringa vil vurdere det nøye når fleire detaljar kjem fram og dersom dei blir bedne om å bidra.

– Vi trur det enklaste er å få humanitær hjelp inn frå Egypt via Rafah. Der det er samla betydelege mengder humanitær naudhjelp på den egyptiske sida. Det er nok det enklaste og raskaste. Men vi har ingenting mot det å gjere noko via sjøvegen og vil veldig gjerne delta i samtalar om det om vi blir invitert, seier Eide.

Noreg har så langt ikkje mottatt nokon konkret førespurnad frå Israel om å stille med sjukehusskip eller annan hjelp til behandling av palestinske borgarar frå Gaza, fortel han.

Utanriksministeren er samstundes opptatt av å halde fokus på at naudhjelp frå land som står i store kvanta på egyptisk side av grensa får sleppe inn.

– Israel bør også opne grenseovergangen Kerem Shalom (mellom Israel, Gaza og Egypt jou.anm.) for at meir naudhjelp skal nå dei som treng ho. Dette vil vere den enklaste måten å skalere opp innsatsen, seier Eide.

Espen Barth Eide

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Vanskeleg å erstatte kollapsande sjukehus

Gry Ballestad i Norsk Folkehjelp meiner at tilførsel av straum, drivstoff og vatn til sjukehusa i Gaza er det einaste som verkeleg kan hjelpe raskt og i det omfanget det er behov for – i tillegg til at medisinar og medisinsk utstyr slepper over grensa.

Sjukehusskip kan ha spesialisert kompetanse som kan vere veldig viktig for å avlaste og komplimentere sjukehusa i Gaza, understrekar Ballestad.

Men det vil vere vanskeleg å få mange nok eller store nok skip til å kunne erstatte sjukehusa som kollapsar no, seier ho.

– Dessutan er det svært komplisert å få løyve til å krysse grensa og det vil vere uforsvarleg og veldig farleg å evakuere pasientar i bomberegnet.

Gry Ballestad

Gry Ballestad er leiar for utvikling og humanitært samarbeid i Norsk Folkehjelp.

Foto: Tom Ingebrigtsen

Svært vanskeleg, farleg og belastande

Grenseovergangen frå Gazastripen til Egypt opna denne veka for første gang sidan krigen starta. I overkant av 200 nordmenn oppheld seg i Gaza. Laurdag hadde ingen norske borgarar blitt evakuert endå.

Noreg har eit utrykkingsteam i Kairo som er klare til å hjelpe når norske borgarar kjem ut frå Gaza til Egypt.

– Teamet vil kunne skrive ut reisedokument og assistere med å ordne transport vidare til Noreg. Det er også med helsepersonell i teamet, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Norske styresmakter samarbeider også med nordiske land om eit mottakssenter i Kairo, som står klart til å hjelpe nordiske borgarar som kjem til Kairo.

– Vi held fram å arbeide for fullt for å få ut norske borgarar så fort som mogleg. Situasjonen i Gaza er svært vanskeleg, farleg og belastande, seier Eide.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.