Hopp til innhold

Donerer Nobel-medalje til ukrainske flyktningar

Nobelprisvinnar Dmitrij Muratov donerer Nobel-medaljen sin til ukrainske flyktningar. – Prisverdig initiativ, seier Nobelinstituttet.

Novaja Gazeta-redaktør Dmitrij Muratov med nobelmedalje og nobeldiplom.

FREDSPRISVINNAR: Den russiske redaktøren Dmitrij Muratov donerer Nobels fredspris-medaljen til ukrainske flyktningar. Han fekk Nobels fredspris i lag med den filippinske journalisten Maria Ressa i 2021.

Foto: ODD ANDERSEN / AFP

Den russiske avisa Novaja Gazeta og deira redaktør Dmitrij Muratov vil auksjonera vekk Nobels fredspris som redaktøren fekk i 2021.

Pengane frå salet skal gå til å hjelpa flyktningar i Ukraina.

Det skriv avisa sjølv på sine nettsider.

Muratov kontakta i går direktør for Det Norske Nobelinstitutt Olav Njølstad for å forsikra seg om at Nobelkomiteen og Nobelinstituttet ikkje hadde noko imot at han ville selja medaljen sin.

Njølstad fortel NRK at han tok kontakt med leiar av Nobelkomiteen, Berit Reiss-Andersen, for å diskutera saka.

Direktør ved Nobelinstituttet Olav Njølstad på sitt kontor i Nobelinstituttet.

Direktør for Det Norske Nobelinstituttet Olav Njølstad.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Me var einige om at dette var eit prisverdig initiativ som skulle kunne gje både moralsk og materiell støtte til ei veldig god sak, seier Njølstad.

Øyremerka såra og sjuke barn

Avisa spør aksjonshus om å ta kontakt slik at dei kan selja medaljen.

– Novaja Gazeta og eg har bestemt oss for å donera Nobels fredsprismedaljen for 2021 til det ukrainske flyktningfondet. Det er allereie over 10 millionar flyktningar i Ukraina, skriv Muratov.

Inntektene skal ifølge Muratov bli øyremerka såra og sjuke flyktningbarn som treng akutt behandling.

3,5 millionar menneske har flykta frå Ukraina, opplyser FNs høgkommissær for flyktningar. Fleire enn 2 millionar har flykta til Polen.

I Noreg er det registrert totalt 1.906 asylsøkarar den siste veka. 263 av dei blei registrert måndag.

Forsvarer av ytringsfridommen

Muratov var med på å oppretta avisa Novaja Gazeta i 1993 og har vore sjefredaktør sidan 1995, med unntak av ein kort periode mellom 2015 og 2017.

Avisa er eit av få uavhengige medium som har halde fram med si kritiske dekning av det russiske samfunnet.

Over 70 prosent av avisaksjane er eigd av dei tilsette. Resten held Mikhail Gorbatsjov, som var Sovjetunionen sin siste president.

Gorbatsjov brukte pengane han fekk frå Nobels fredspris til å finansiera oppstarten av avisa, samt forretningsmann og opposisjonspolitikaren Aleksandr Lebedev.

I alt seks av avisa sine journalistar har sidan 1993 blitt drepne.

SISTE NYTT

Siste nytt