Hopp til innhold

Nkunda trekk seg tilbake

Hæren til opprørsgeneralen Laurent Nkunda trekk seg tilbake frå to område aust i Kongo og overlet desse til FN.

General Laurent Nkunda
Foto: Lionel Healing / Scanpix/AFP

General Nkunda har bede fredsstyrken frå FN om å rykkje inn i posisjonane som soldatane hans no dreg frå.

Avgjerda kom etter eit møte i opprørsgruppa Den nasjonale kongress for forsvar av folket (CNDP), melder AFP.

Vil auke FN-innsats

Frankrike har i føremiddag kome med framlegg for FNs tryggingsråd om å auke talet FN-soldatar i landet med tre tusen.

I dag er det 17. 000 FN-soldatar i Kongo. Det er den største operative FN-styrken i verda nett no.

Uvisse

Meldingane om tilbaketrekking vert derimot trekte i tvil av The New Times i Rwanda. Avisa siterer i dag Nkunda på at han ikkje stoler på FNs fredsbevarande troppar, som han ser som ei forlenging av regjeringshæren.

For to dagar sidan sa opprørsleiaren likevel at han ville støtte ein fredsprosess framforhandla av FN-utsending Olusegun Obasanjo.

Les også: Nkunda støtter fredsplan

Slaktaren frå Kisangani

Dei biografiske detaljane om Laurent Nkunda er få. Det ein veit er at han vart fødd i Kongo - som då heitte Zaire - i 1967. Før han valde militæret som karriereveg studerte han psykologi.

Det var folkemordet på tutsiane i nabolandet Rwanda i 1993 som skulle bestemme kursen hans vidare. Nkunda er sjølv tutsi og kryssa grensene kolonimaktene hadde streka opp for å slutte seg til opprørshæren som kjempa mot den hutu-dominerte regjeringa.

Etter å ha drive dei ansvarlege for folkemordet i Rwanda på flukt, reiste Nkunda tilbake til Zaire. Fyrst vart han med i opprørshæren som styrta president Mobutu Sese Seko. Det var her han fekk tilnamnet "Slaktaren frå Kisangani". Seinare vart han major i ei militsgruppe.

Mot Kinshasa

Då krigen offisielt tok slutt i 2003, vart Nkunda fyrst oberst og deretter general i den nye hæren i Kongo. Han nekta derimot å underkaste seg regjeringa i Kinshasa fordi han meinte regjeringa ikkje gjorde nok for å avvæpne hutuane aust i landet.

Etterkvart tok han saka i eigne hender i byen Bukavu, der hæren hans valdtok kvinner og barn, drap uskyldige sivile og plyndra privatheimar og butikkar.

I dag har Nkunda oppretta ein eigen "liksom-stat" i fjella i provinsen Nord-Kivu aust i Kongo. Der styrar han som ein føydalherre. Han tilset politi og prestar, har eigne domstolar og ein eigen radiostasjon, og omtalar seg sjølv i tredjeperson.

Frå dette hovudkvarteret sender han ut hæren sin. Målet hans er å nå heilt til Kinshasa, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt