Hopp til innhold

Ny meiningsmåling: Nær halvparten av republikanarane vil ha Trump

48 prosent av republikanarane ynskjer at Donald Trump blir partiet sin presidentkandidat. Oppslutninga om rivalen Ron DeSantis fell kraftig.

Trumps-supportere utenfor Trump Tower

STØTTESPELARAR: Ei gruppe Trump-tilhengjarar tok oppstilling utanfor Trump sitt hovudkvarter i Trump Tower på Manhattan i New York.

Foto: STEFANI REYNOLDS / AFP

Meiningsmålinga er gjennomført av Ipsos for nyheitsbyrået Reuters og er gjort blant folk som beskriv seg som republikanarar.

Nær halvparten av dei vil ha Trump tilbake til det kvite hus, viser den ferske målinga.

Oppslutninga om den tidlegare presidenten har auka med 4 prosentpoeng frå mars.

Les meir Trump seier det er politisk forfølging

Donald Trump med armene i kors i et flysete

Ny, auka støtte

Målinga er gjennomført mellom 31. mars og 3. april, altså etter at det vart kjent at Trump blir tiltalt i den såkalla «hysjpenge»-saka.

Pornoskodespelar Stephanie Clifford, kjent under namnet Stormy Daniels, har sagt i fleire intervju at ho hadde ei affære med Donald Trump i 2006.

Trump, som på den tida var mest kjent for si rolle i reality-serien The Apprentice, var då gift med Melania Trump.

Trump skal, via sin advokat, ha betalt Daniels over ein million norske kroner for å halde tett om hendinga, då han i 2016 stilte som presidentkandidat.

Les meir Dette skjer i rettssaka

FILE PHOTO: U.S. President Donald Trump listens during a meeting of the American Workforce Policy Advisory Board in the East Room at the White House in Washington

Rivalen taper terreng

Berre 19 prosent av dei spurde seier dei helst vil ha Florida-guvernør Ron DeSantis som ny presidentkandidat.

Det er eit fall på 30 prosent frå mars.

Då fekk DeSantis kritikk for å ha sådd tvil om Ukraina-støtta.

Han sa at å bli ytterlegare innblanda i «ein territoriell disputt» mellom Ukraina og Russland ikkje er ei viktig nasjonal interesse for USA.

Ron DeSantis

Florida-guvernøren Ron DeSantis taper no terreng blant republikanarane.

Foto: Phil Sears / AP

DeSantis har enno ikkje formelt kunngjort at han ynskjer å kjempe om å bli partiets president, men det er venta at han vil gjere det.

Dei andre rivalane i den republikanske valkampen har ei oppslutning på under 10 prosent.

Les meir Har kalla ut over 30.000 politifolk i frykt for uro

Utenfor rettsbygningen på Manhatten samlet det seg raskt både motstandere og tilhengere av en tidligere presidenten.

Trur det er politisk motivert

Undersøkinga tek og for seg kva folk meiner om den juridiske prosessen mot Trump.

Heile 80 prosent av republikanarane som vart spurde meiner prosessen mot Trump er politisk motivert.

Samstundes meiner 58 prosent at Trump faktisk betalte pornoskodespelar Stormy Daniels for å halde tett om den påståtte affæren mellom dei.

Om ein tek med resten av dei spurde, også dei som ikkje er republikanarar, er tala på 51 og 71 prosent på dei same spørsmåla.

Les meir Trump på plass i New York for rettssak tysdag

Trump Indictment

Kan Donald Trump havne i fengsel? Han anklages blant annet for å ha betalt pornoskuespilleren Stormy Daniels for å ikke avsløre at de skal ha hatt sex. Er det hun som kan stoppe han fra å bli president igjen?

SISTE NYTT

Siste meldinger