Hopp til innhold

Slik vil Stoltenberg slå tilbake mot cyberangrep: – Gjorde det i stor grad mot IS

BRUSSEL (NRK): Nato-sjefen meiner militæralliansen må svare positivt på president Donald Trump sitt ønskje om eit meir aktivt Nato i Midtausten. Jens Stoltenberg fortel også om utstrekt bruk av cyberangrep mot IS.

– Det sentrale poenget til Trump er at Nato må vere meir aktiv i kampen mot terror, seier Jens Stoltenberg til NRK.

Det har USA vore tydelege på i lang tid. Stoltenberg seier at alliansen skal brukast meir i kampen mot terror, men ikkje i direkte kamphandlingar.

– Det er betre å gjere lokale styrkar i stand til å kjempe mot terror sjølve. Vi trenar allereie styrkar i Jordan, Tunisia, i nokon grad i Irak, og så har vi ein treningsmisjon i Afghanistan.

  • Sjå heile intervjuet med Jens Stoltenberg i Politisk kvarter øvst i saka.

Ein stadig meir sentral del av Natos forsvarskapasitet, er cyberforsvaret.

– Kan ein møte eit cyberangrep med eit militært svar?

– Ja, vi har bestemt at cyberangrep kan utløyse artikkel 5. Vi kan gjengjelde i «cyber», og Nato-land er i stand til å bruke såkalla «offensiv cyber». Det er gjort, og det gjorde vi i stor grad mot IS.

Locked Shields, cyber defence exercise organized by NATO Cooperative Cyber Defence Centre of Exellence in Tallinn

Folk ser på ei visualisering i forbindelse med ei cyberforsvarsøvelse organisert av Nato i Tallin i april 2019.

Foto: Ints Kalnins / Reuters

Stoltenberg fortel at Nato har etablert «cyber» som eit militært domene, og at dei tek atterhald på retten til å gjengjelde der dei meiner det er riktigast å gjengjelde.

– Kva slags situasjon kan det vere?

– Der cyberangrep er så alvorleg at det utløyser forsvarsmekanismen i artikkel 5. Det er lett å førestille seg cyberangrep som forårsakar meir eller like mykje skade som eit militært angrep – der infrastruktur, helsevesen, og transport blir totalt lamma, og er årsaka til stor skade på menneskje og materiell, seier Stoltenberg, og legg til:

– Heile hensikta med Nato er å hindre at slike ting skjer.

Auka intensitet i Midtausten

Jens Stoltenberg åtvarar mot å rangere dei ulike konfliktane som trugar verdsfreden.

Men samtidig peikar han på utfordringar for den globale tryggleiken som eit sjølvhevdande Russland, eit framveksande Kina og nye cybertruslar. Og sjølvsagt Midtausten.

2020 starta med auka intensitet mellom stormaktene USA og Iran. Demonstrantar og tilhengjarar av iransk-støtta væpna grupper storma USAs ambassade i Irak.

USA svarte med å drepe Qasem Soleimani, den fremste iranske generalen, fordi dei meinte han hadde planlagt fleire angrep mot amerikanske interesser.

I etterkant av trefningane sa president Trump at han ville at Nato involverte seg meir i Midtausten.

– Eg har til og med eit namn på det, sa Trump.

– Nato pluss ME, Middle East, NATOME.

Stoltenberg

Nato-sjef Jens Stoltenberg ser ikkje for seg at Nato skal inn i kamphandlingar i Midtausten.

Foto: Francisco Seco / AP

– Nato skal ikkje ta over alt

Stoltenberg forklarer at å gå inn med militære styrkar i kamphandlingar ikkje er ein bra situasjon å vere i for verken Nato eller det aktuelle landet.

– Når Nato går inn med militære styrkar i kamphandlingar, vil vi alltid bli sett på som framande, utlendingar, eller som potensielle okkupantar.

– Er ikkje det faren her då, viss Nato skal ta over det som til no har vore eit USA-leia engasjement i Irak?

– Eg trur ikkje Nato skal ta over alt, men vi kan gjere meir for å gjere land i stand til å forsvare seg sjølve. Det er bra for dei landa, og også bra for oss. Vi må hugse at grunnen til at vi alle gjekk inn, også Nato, i 2014 for å kjempe mot IS i Midtausten, var at IS var ein reell trussel mot oss, og eit brutalt terrorregime, seier Jens Stoltenberg.

SISTE NYTT

Siste nytt