Hopp til innhold

Nato-sjefen: – Har byrja å bli ein slitasjekrig

Jens Stoltenberg lovar blant anna meir tung våpenstøtte og militærtrening til Ukraina, og seier fleire prosessar er i gang for å sikre meir ammunisjon til slagmarka.

Belgium NATO Defense Ministers

I GANG: Jens Stoltenberg opnar diskusjonen under dagens forsvarsministermøte.

Foto: Olivier Matthys / AP

– Vi ser ingen teikn på at Russland førebur seg på fred. Vi ser det stikk motsette, at Russland set i verk nye offensivar.

Det seier Nato-sjef Jens Stoltenberg på dagens forsvarsministermøte før han reiser til Tyrkia.

På dagens møte blei det diskutert korleis kritisk infrastruktur kan vernas betre.

Stoltenberg meiner Ukraina no har eit unikt vindauge til å snu kursen i krigen, og oppmodar til meir støtte til Ukraina. Han ser på meir tung våpenstøtte og militærtrening som spesielt viktig.

Danish army Leopard 2A7 tanks and Estonian army CV-90 infantry fighting vehicles attend live shooting exercise in Perakula

Krigen i Ukraina har ført til at mange europeiske land har styrka sine eigne nasjonale forsvar. Biletet viser ei dansk Leopard-stridsvogn.

Foto: INTS KALNINS / Reuters

– Det vi ser er ein enorm forbruk av ammunisjon. Det har vi sett i fleire månader, og det er derfor vi starta å ta det opp sist haust, seier Stoltenberg, og legg til at utfordringane i krigen no handlar om «slitasje og logistikk».

– Det er mogleg å auke produksjonen på eksisterande fabrikkar, men ein må også gjere nye investeringar som tek tid, la han til, og sa at mykje av dette allereie er i rørsle.

I tillegg er dei einige om å trappe opp støtta til Bosnia, Moldova og Georgia, og koordinere styrking av måten ein vernar om kritisk undersjøisk infrastruktur, seier Stoltenberg.

Meiner ein må styrke forsvaret ytterlegare

Onsdag har Nato-medlemmene teke opp att debatten om opptrapping av nasjonale forsvarsbudsjett som følge av krigen i Ukraina.

Invasjonen, som no har gått føre seg i nesten eit år, har gjort at fleire europeiske land har trappa opp forsvarskostnadane sine med fleire titals milliardar kroner, ifølge AFP.

Fleire land argumenterer no for at alle medlemmene skal bruke 2 prosent av sine bruttonasjonalprodukt (BNP) på å styrke sitt eige forsvar.

-

Krigen i Ukraina har ført til at mange europeiske land har styrka sine eigne nasjonale forsvar.

Foto: ARIS MESSINIS / AFP

Dette er ei retningslinje for alle land som er med i Nato, men den tyske forsvarsministeren, Boris Pistorius, meiner det bør vere eit minimum.

– Eg meiner at det å berre ønske å nærme seg 2-prosentmålet ikkje er nok. Det må vere grunnlaget for alt anna, sa han til kollegaene sine.

Også Stoltenberg gjentok at 2-prosentmålet er eit minimum, ikkje eit tak.

Forsvarsministeren for Luxembourg, Francois Bausch, meinte dette var for ambisiøst å forplikte seg til.

– 2-prosentmålet er ok, men vi må også garantere at vi har noko fleksibilitet, fordi landa er forskjellige.

Noregs forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) seier at dei jobbar systematisk med å styrke forsvarsbudsjettet. Han ynskjer også meir forpliktande språk om ressursbruken.

– BNP svingar noko. Det kan vere ulike og samansette målsettingar, og 2-prosent er eit av fleire element, seier Gram til NRK.

Presset auka etter annekteringa av Krim

Nato-alliansen sette 2 prosent som ei retningslinje kring 16 år sidan, men finanskrisa i 2007 og 2008 gjorde at mange land kutta ned på forsvarsbudsjetta sine.

Trass i at mange har argumentert for å auke enkeltland sine forsvar sidan Russland annekterte Krim i 2014, nådde berre ni av dei 30 allierte målet i fjor, ifølge AFP.

-

Den franske forsvarsministeren seier forsvarsbudsjetta må brukast effektivt.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / AFP

På ei side av spekteret i onsdagens forhandlingar er Baltikum og Polen, som ligg nær Russland og ønsker å auke målet til 2,5 prosent.

På den andre er land som Canada, Italia, Luxembourg og Spania, som seier dei er for små og at bidrag utanfor eigne landegrenser bør bli rekna med i målet.

USA er på lang veg det landet som brukar mest pengar på sitt eige militær. Frankrike er også ein tungvekter innan forsvarsbudsjett i Nato, og støttar 2-prosentmålet.

– Det som gjeld er 2 prosent med nyttig og effektiv pengebruk, sa den franske forsvarsministeren Sébastien Lecornu.

Stoltenberg til Tyrkia

I kveld reiser Stoltenberg til Tyrkia for å besøke områda som er råka av jordskjelvet. Han skal også ha møter med tyrkiske styresmakter i Ankara.

Målet er å vise solidaritet med alle som er råka av jordskjelvet i Tyrkia og Syria, og diskutere korleis Nato kan bidra med ytterlegare bistand.

Jens Stoltenberg

Jens Stoltenberg meiner Sverige og Finland kan bli med i Nato på ulike tidspunkt.

Foto: Simen Ekern / NRK

Også svensk og finsk medlemskap i Nato blir tema, stadfestar Stoltenberg.

– Bodskapen vil vere at det vil styrke hele Nato. Sverige og Finland har begge oppfylt vilkåra signert i fjor. Derfor bør alle Nato-land, også Ungarn og Tyrkia, ratifisere medlemskap for begge land så raskt som mogleg.

Rekkjefølga på godkjenninga er mindre viktig, seier Stoltenberg til nordisk presse.

– Det må skje så raskt som i det heile mogleg, ikkje nødvendigvis samtidig, seier Natos generalsekretær.

Han legger vekt på at Tyrkia var med på å invitere Sverige og Finland inn i militæralliansen.

Målet er å få landa med før Natos toppmøte i sommar, eventuelt få avgjerda på plass under toppmøtet i Vilnius, bekreftar Stoltenberg.

Legg fram forslag om medlemskap i mars

Den svenske regjeringa tek sikte på å legge fram forslaget om landet sitt Nato-medlemskap i mars.

Det inneber at Riksdagen skal fatte eit vedtak om å slutte seg til alliansen i løpet av våren.

VELKOMMEN INN? Sverige og Finlands flagg sammen med Nato-flagg på scenen i Brussel før landenes Nato-ambassadører leverte sine Nato-søknader.

Sverige og Finland sine Nato-medlemskap er avhengige av godkjenning frå alle medlemslanda.

Foto: JOHANNA GERON / AFP

Sverige sin utanriksminister, Tobias Billström, understrekar at forslaget som er varsla ikkje endrar det faktum at korkje Tyrkia eller Ungarn har godkjent Sverige og Finland sine søknadar. Medlemskapa er avhengige av dette.

– Vi håpar naturlegvis at dette skal løyse seg så fort som mogleg, seier han ifølge nyheitsbyrået TT.

Sverige har tidlegare sett som mål at landet skal bli innlemma i forsvarsalliansen innan Nato-toppmøtet i juli.

Den finske forsvarsministeren, Mikko Savola, seier onsdag at det vil vere betre for alle Nato-land dersom dei blir medlem samtidig som Sverige.

NATO defence ministers' meeting in Brussels

Mikko Savola i samtale med Jens Stoltenberg under forsvarsministermøtet i Brussel.

Foto: JOHANNA GERON / Reuters

Dette bør skje så snart som mogleg, sa han i forkant av møtet med kollegaar frå Nato-land og Sverige i Brussel.

– Det gjer det betre for planlegginga. Vi har eit veldig nært samarbeid med Sverige, som er vår næraste partnar, sa Savola.

Presidenten i Tyrkia, Recep Tayyip Erdogan sa sist månad at dei kan bli einige om å la Finland bli med i Nato utan Sverige, grunna eit spent forhold med svenske styresmakter.

Stoltenberg seier han heile tida har lagt stort press på Tyrkia for å godkjenne begge søknadane samtidig.

– Vi har bestemt oss. Vi har invitert begge samtidig. Så når Tyrkia godkjenner er prosessen ferdig, så lenge Ungarn, Finland og Sverige gjer det dei skal. Så ideen om at det trengst nokon ny einstemmig vurdering av Nato er feil, seier han.

– Vi har sett at det er forskjellige vurderingar i Tyrkia om i kva grad Finland og Sverige er i same posisjon til å bli godkjente. Det er ei tyrkisk avgjerd

SISTE NYTT

Siste nytt