Hopp til innhold

Narkosikta kvinne: – Eit helvete i fengselet

Den narkosikta sørlandskvinna (50) som sit fengsla i Ecuador seier ho har gått i ei felle. «Eit reint helvete» er hennar skildring av dei første dagane i fengselet.

Quito

Den norske 50-åringen frå Sørlandet er sikta for innehav av fleire kilo kokain og sit varetektsfengsla i Quito-hovudstaden i Ecuador.

Foto: Kart / NRK

Det fortalde kvinna då ho ringde eit familiemedlem i Noreg torsdag kveld, opplyser advokaten hennar Nils Anders Grønås til NRK.

Sørlandskvinna blei pågripen utan dramatikk på ein flyplass i Quito den 28. februar i år, etter å ha blitt teken til side i sikkerheitskontrollen. Ved nærmare inspeksjon av kofferten hennar fann vaktane kokain.

Advokaten stadfestar at kvinna er sikta for innehav av «betydelege mengder kokain», utan å ville opplysa om konkret kvantum. Etter det NRK kjenner via andre kjelder er det snakk om ca. tre kilo av det narkotiske stoffet.

– Ho stiller seg heilt uforståande til heile siktinga. Ho har ikkje erkjent straffskuld i avhøyr og seier ho har blitt lurt av ein person der nede, fortel forsvarar Grønås.

Han vil ikkje gå inn på kva type relasjon kvinna har hatt til vedkommande.

«Eit helvete»

Nils Grønås

Nils Anders Grønås er den kokainsikta kvinna sin forsvarar i Noreg.

Først ni dagar etter pågripinga på flyplassen blei familien informert om situasjonen.

Forsvararen har sjølv ikkje vore i kontakt med sin klient, men refererer til den 30-40 sekund lange samtalen kvinna hadde med familie torsdag kveld.

På den korte tida fekk kvinna også fortalt at ho like etter pågripinga blei plassert i eit fengsel som var «eit reint helvete». Seinare blei ho flytta til eit kvinnefengsel i hovudstaden Quito, Centro de detencion provisional Pichincha.

– Fengselet ho sit i no har ein betre standard. Ho har det etter forholda bra, men seier det er dårlege, kummerlege kår. Som å skru klokka hundre år tilbake, fortel advokat Grønås.

Den fengsla har også lagt igjen ein beskjed på Grønås sin telefonsvarar.

– Ho verka ikkje panikkslagen, heller roleg i stemmen. Men ho har betydelege helseutfordringar og me er uroa over situasjonen ho no er i, seier han.

– Brot på fleire elementære rettar

Oversiktsbilde Quito

Den norske kvinna blei pågripen på flyplassen i Quito, Ecuador den 28. februar. Helsetilstanden hennar er alvorleg og situasjonen i fengselet urovekkjande, meiner forsvararen.

Foto: George Miquilena

Det er uvisst kvifor samtalen med familiemedlemen vart broten etter så kort tid. Grønås påpeikar at det er kostbart å ringja frå Ecuador til Noreg og at fengselsforholda kan gjera kommunikasjonen vanskeleg.

Han hadde torsdag ikkje snakka med klienten sin, men har hatt telefonkontakt med den offentleg oppnemnde advokaten hennar i Ecuador.

– Ho blei avhøyrt same dag som pågripinga, utan advokat til stades. Politiet bruka eit oversetjingsprogram tilsvarande Google Translate.

Situasjonen skal ha vore like ille under det første fengslingsmøtet 1. mars.

– Det møtte ein tolk som ikkje var godkjend. Han kunne ikkje engelsk og enda mindre norsk. Her er det brot på ein rekkje elementære rettar som ein sikta har - også i Ecuador, seier Grønås.

Ingen andre mistenkte

Kjelder NRK har vore i kontakt med opplyser at den sikta sørlendingen skal ha vore på veg til Madrid då ho vart arrestert på flyplassen i Quito. Det er ukjent kva ho skulle der eller om dette var ei mellomlanding på veg til Noreg.

Ifølgje den norske forsvararen er det ingen andre mistenkte i saka.

Påtalemakta har 30 dagar på seg til å etterforska saka frå arrestasjonsdatoen.

– Deretter skal saka og bevis leggjast fram for ein domstol, som skal ta stilling til om det er grunnlag for vidare fengsling. Om bevisa er for svake får ho truleg meldeplikt. Er bevisa gode kan det bli ein lang periode i varetekt, fortel forsvararen.

– Får bistand så lenge ho vil

Strafferamma for denne typen kriminalitet er i Ecuador svært streng, mellom åtte og 16 års fengselsstraff.

Kontakten mellom kvinna og norske styresmakter går gjennom den norske ambassaden i Santiago, Chile og konsulatet i Quito.

– Me bistår kvinna, men kan ikkje gje ut nokon som helst informasjon, seier koordinator ved generalkonsulatet i Quito, Valentina Almeida til NRK.

Almeida viser til Utanriksdepartementet for spørsmål om den angiveleg kokaintekne norske kvinna.

– Me held fram med å yta konsulær bistand til den fengsla så lenge ho sjølv ønskjer det. Det er alt eg kan seia om denne saka, seier pressevakt i Utanriksdepartementet, Svein Michelsen


SISTE NYTT

Siste nytt