NRK Meny
Normal

Nadia kan få fredsprisen

22-år gamle Nadia Murad klarte å rømme frå sexslaveriet til IS etter tre månader med gjentekne valdtekter kvar dag. No kan ho få fredsprisen.

SJÅ VIDEO: IS-terroristar storma heimbyen Kocho i Nord-Irak, og drog Nadia og hundrevis av andre ut av tryggleik og inn i helvete.

SJÅ VIDEO: IS-terroristar storma heimbyen Kocho i Nord-Irak, og drog Nadia og hundrevis av andre ut av tryggleik og inn i helvete.

– Ho fortel om ei heilt forferdeleg historie, og som viser kvifor det er så viktig at vi hjelper. Fleire har allereie føreslege ho til Nobels fredspris, og eg vil støtte hennar kandidatur, seier Heikki Holmås (SV).

Les også: Her bryter Nadia saman i Urix

Han møtte 22-åringen på Stortinget torsdag for å høyre hennar historie. Ei historie som fortel om ei verd der kvinner vert brukte som slavar og vert valdtekne, kvar dag.

– Brukte oss akkurat som dei ville

– Kvar einaste gong det kom nokon inn der vi var, skjedde det. Mennene kunne bruke oss akkurat som dei ville, og vi vart utsette for seksuell vald og tortur uansett kvar vi gjekk, fortel den spede 22-åringen med monoton stemme.

Utan mimikk fortel ho lågmælt om dagen då ho mista alt som betydde noko for ho.

Nadia Murad

SLITEN: Nadia Murad heldt på å svime av etter at ho gjentekne gonger fortalde si historie om livet som sex-slave for IS torsdag. – Livet mitt er over seier ho.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Det var ein augustdag i heimbyen Kocho i Nord-Irak. IS-terroristar storma byen, og drog Nadia og hundrevis av andre ut av tryggleik og inn i helvete.

Plasserte inne på ein skule, utan sjanse til å komme seg vekk, sat dei og ikkje ante kva som ville skje. Målet til terroristane var å reinske vekk yazidiane, ei etnisk og religiøs gruppe som høyrer til Ninevhprovinsen i Irak.

Mennene vart skotne rett utanfor skulen, medan kvinnene stod i andre etasje og såg på at dei fall mot bakken, ein og ein.

Dei eldre kvinne vart drepne dei og. Nadia og dei andre kvinnene mellom ni og 25 år vart frakta til Mosul, lenger nord i Irak i buss. Overgrepa starta allereie då, med hender som tok på, og menn som snakka nedlatande til dei.

Slegen og valdteken

Framme vart dei samla med fleire hundre andre kvinner.

Medlemmer av terrorgruppen Den islamske staten

TORTUR: Den islamske stat (IS) brukar seksualisert tortur i krigen sin.

Foto: - / Afp

Nadia vart slegen, mishandla og valdteken av fleire menn samstundes. Ho vart behandla så hardt, at ho mista bevisstheita.

– Eg mista grep om tid og stad, og eg tenkte at det berre måtte slutte.
Det einaste eg klarte å halde meg til var dei som kom og gjekk, seier ho med trygg stemme.

Jenter ned i niårsalderen vart selde og misbrukte, fleire tok livet sitt medan Nadia var i leiren i Mosul.

– Dei opplever det same, kvar einaste time, om og om igjen, seier ho.

Det er ikkje første gongen ho fortel. I desember sat ho i FN, og trygla tryggingsrådet om å ta grep, og å utslette heile IS.

For ho har vener som enno ikkje er fri frå helvete i leiren, og som ho tenkjer på kvar einaste dag.

– Nadia er modig

– Ho er modig som fortel si historie. Det er ikkje til å forstå at ho klarer å fortelje alt ho har vore gjennom. Men det er livsviktig at verda får høyre dette. Desse

Sven Mollekleiv

VIKTIG: – Eg er svært imponert over at Nadia klarer å fortelje historia si, seier president for Røde Kors i Noreg, Sven Mollekleiv.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

overgrepa og torturen pålegg kvinner skuld og skam og sår. Ho snakkar for alle dei som vert valdtekne akkurat no, seier Sven Mollekleiv, president i Norges Røde Kors.

– Bør ho få nobelprisen?

– Alle dei som er ei stemme som fortel om slike overgrep fortener ros og merksemd, seier han.

Han seier Røde Kors aktivt oppmodar alle statar om å slå hardt ned på slik tortur, og fortel at slike historier aldri må stilne.

– Vi har høyrt slike historier før, men det er viktig at vi blir minna på dette ofte.

Etter talen i FN har Nadia reist fleire stader for å møte politikarar for å fortelje, forklare og få dei til å forstå torturen av kvinner som framleis går føre seg.

For Nadia si stemme er ikkje den einaste som no vert lytta til.

Det kjem historier nesten kvar dag om nye overgrep og torturerte kvinner. Ein rapport frå Amnesty International støttar deira stemmer.

Les rapporten her: Rapport om seksuell tortur av kvinner

Etter tre månader som slave, fekk Nadia beskjed om å vaske seg og stelle seg. Ho skulle giftast vekk. Mannen som heldt ho fanga gjekk for å kjøpe nye klede til henne, men låste ikkje døra skikkeleg. Då klarte ho komme seg ut, og rømde til ein familie i nærleiken. Der trygla ho om hjelp.

« Eg mista grep om tid og stad, og det einaste eg tenkte var det måtte slutte»

Nadia Murad
Nadia Murad fortel om seksuelle overgrep til FN

SJÅ VIDEO: Nadia Murad fortel om seksuelle overgrep til FN.

Ser ingen framtid for seg sjølv

– Eg trudde aldri eg ville klare å komme meg vekk frå det helvete.

Nadia Murad

BER OM HJELP: Nadia Murad skal møte fleire i Noreg for å be om hjelp til å stogge IS. Torsdag var det møte på stortinget med SV.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

No bur ho i Stuttgart i Tyskland saman med systera si. Ho har mista fem brør og foreldra sine i krigen. Tusen andre kvinner som har opplevd det same, bur også i Tyskland. Dei har konsekvent hatt fokus på desse kvinnene.

– Kvifor har ikkje Noreg det?

– Vi vil jobbe for at dei svakaste gruppene får hjelp, dei som opplever dette. Og når rettsprosessen kjem, må vi særleg sjå på dette, seier Holmås.

– Norske politikarar må ta grep no. No når vi sit og snakkar er det fleire hundre kvinner som vert valdtekne i den leiren, seier Nadia.

Nadia høyrer til ei folkegruppe som systematisk over lang tid har vore eit mål for terrorgruppa IS.

– Vi har ikkje fått hjelp frå nokon. Og det er IS-soldatar frå Vesten som også gjennomfører overgrepa. Fleire snakka språk vi ikkje forstod, men som gjorde akkurat det same som dei andre, seier ho.

– Vi vil gjere det vi kan for å stoppe dei to tinga IS treng. Pengar og folk. Det er viktig å høyre Nadia si historie for det er viktig påminning til ungdom i Vesten om kva IS faktisk er, seier Audun Lysbakken (SV), som også var på møtet på stortinget.

Den spede 22-åringen skal halde fram med å reise og fortelje. Ho meiner verda har eit ansvar for å få slutt på IS sine herjingar.

– IS er ikkje berre farleg for oss, men for andre land og. Og eg ber om at Noreg hjelper til med å utslette denne gruppa, sa Nadia til dei to politikarane frå SV.

– Korleis klarer du å fortelje om dette om att og om att?

– Eg har ikkje noko val. Det er framleis jenter som opplever dette.Vi må stoppe IS.

– Korleis har du det no?

– Dei som har klart å rømme har det ikkje bra og har dårleg tilstand. Det har eg og. Eg har inga framtid lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt