Hopp til innhold

Mystisk atomforskar vil til Iran

Ein iransk atomforskar, som Iran hevdar har vore kidnappa av CIA, har søkt tilflukt i den pakistanske ambassaden i Washington.

Iranske styresmakter seier at mannen til venstre er Shahram Amiri

Mannen til venstre på biletet seier han er Shahram Amiri. Her blir han intervjua av iransk fjernsyn.

Foto: AFP

Det har lenge gått rykte om at Shahram Amiri har vore i USA, men amerikanske styrsmakter har avvist at dei har henta han til landet med makt.

Amiri forsvann sporlaust då han var på pilegrimsferd til Mekka i Saudi-Arabia i fjor.

Vil reise til Iran

Amiri skal ha gjort det klart at han vil reise heim til Iran. Eit offisielt iransk nyheitsbyrå seier at saka er eit stort nederlag for amerikansk etterretning.

En amerikansk talsmann sier i dag at Amiri har bestemt seg for å reise tilbake til Iran av egen fri vilje. Han sier ikke noe om hva han har gjort i USA, men

USA og Iran har ikkje diplomatisk samband, men Iran har eit interssekontor i den pakistanske ambassaden i Washington. Det er her Amiri no oppheld seg.

Iranske styersmakter har skulda Saudi-Arabia for å ha arrestert Amiri og seinare utlevert han til USA, men dette blir avvist av Saudi-Arabia.

Den seinare tid har det dukka opp fleire videoar av Amiri. I den første videoen er det ein mann som seier han er Amiri. Han gir uttrykk for at han har blitt bortført til USA og torturert.

Student i USA

I ein annan video som dukka opp på Internett, er det ein annan mann som seier han er Amiri, og her framstiller han seg sjølv om student i USA.

I ein tredje video seier ein mann som kallar seg Amiri at han har flykta frå amerikanske agentar, at han gøymer seg og at han treng hjelp frå menneskerettsgrupper til å kome seg heim frå Iran.

I mars i går melde den amerikanske fjernsynsstasjonen ABC News at forskaren hadde reist til USA for å hjelpe CIA.

LES OGSÅ: Iran sier CIA-agenter bortførte iransk atomforsker

LES OGSÅ: Hevder at USA har bortført iransk forsker

LES OGSÅ: Iransk atomekspert sporlaust borte

SISTE NYTT

Siste nytt