Hopp til innhold

Muslimar hjelpte å avdekke terror

– Hadde det ikkje vore for det muslimske samfunnet ville me aldri klart å arrestere dei to terrormistenkte, seier politiet i Toronto.

Far til terrorsikta i Canada

Mohammed Jaser, faren til Raed Jaser som er mistenkt for terrorplanlegging i Canada er på veg til eit fengslingsmøte i dag.

Foto: Frank Gunn / Ap

I går annonserte politiet i Toronto i Canada at dei har arrestert to personar for terrorplanlegging, og dermed hindra eit mogleg terroråtak mot jernbanalinja som går mellom New York og Toronto.

Dei arresterte, 30 år gamle Chiheb Esseghaier, og 35 år gamle Raed Jaser, var aktive i det islamske miljøet i Canada, og har ifølgje politiet band til terrororganisasjonen al-Qaida.

Men utan tips frå det islamske miljøet ville aldri politiet hatt sjanse til å arrestere dei to. Dette stadfestar etterforskar Doug Best til Al Jazeera.

Tips frå muslimar førte fram

– Dette tipset, denne leietråden, kom frå det islamske miljøet. Utan denne hjelpen ville me ikkje ha snakka om ein arrestasjon, seier advokat og talsperson i det islamske miljøet i Canada, Hussein Hamdani.

Muslimane i Toronto seier at det er frykt i det muslimske miljøet om at vanlege muslimar skal hamne i problem på grunn av terrorarrestasjonane. Det er difor viktig for dei å presisere at muslimar hjelpte politiet i etterforskinga.

– Dette er prov på at det kanadiske islamske miljøet er forkjemparara for fred, i staden for å bli sett på som medskuldige, seier Hamdani.

Hadde kapasitet

Politiet fortalte på ein pressekonferanse at dei to arresterte hadde både kapasitet og intensjon om å utføre terroråtaket. Dei var ikkje kanadiske statsborgarar, og det er ikkje kjend korleis dei kom seg inn i landet.

– Det ville ha resultert i at uskuldige ville blitt drepne eller skadd, sa politiet på ein pressekonferanse i går.

Kanadiske styresmakter skal ha samarbeida med FBI og det amerikanske tryggingsdepartementet i etterforskinga av terrorplanlegginga.

SISTE NYTT

Siste nytt