Hopp til innhold

Planla terroråtak på toget mellom Toronto og New York

Kanadisk politi skal i samarbeid med USA ha arrestert to personar og dermed hindra eit alvorleg terroråtak.

CANADA-ARRESTS/

Eit tog står klart til avgang på strekninga Toronto - New York. Politiet sikta måndag to personar for planlegging av eit terroråtak på denne strekninga.

Foto: NTB scanpix / Reuters

To personar vart arrestert tidleg måndag for å ha planlagt terror mot eit passasjertog på ein av dei viktigaste jernbanelinjene i Nord-Amerika.

Politiet i Canada seier på ein pressekonferanse i kveld at terrorplanane gjekk ut på å angripe jernbanen som går frå den kanadiske byen Toronto til New York City.

Kanadisk politi

Kanadisk politi fortalte om terrorplotet i Toronto i kveld.

Foto: Reuters

– Det ville ha resultert i at uskuldige ville blitt drepne eller skadd, seier ein talsperson for politiet i Canada.

Dei opplyser at dei arresterte hadde både kapasitet og intensjon om å utføre angrepet. Politiet seier at dei to hadde nøye observert tog og jernbanestrekninga i Toronto-området.

Al-Qaida-kopling

Namna på dei sikta er Chiheb Esseghaier og Raed Jaser. Dei er busett i Toronto og Montreal, og er ikkje kanadiske statsborgarar.

Ifølge politiet skal dei to arresterte vere kopla til al-Qaida.

– Dei har fått støtte frå al-Qaida i Iran i form av veiledning, seier politiet.

Politiet vil ikkje seie kva slags metode dei arresterte hadde planlagt å bruke i terroråtaket.

Kjelder i politiet fortel til kanadiske CBC News at dei arresterte skal ha vore under overvaking i meir enn eit år i provinsane Quebec og Ontario.

Kanadiske styresmakter skal ha samarbeida med FBI og det amerikanske tryggingsdepartementet i etterforskinga av terrorplanlegginga.

Det skal ikkje vere noko kopling mellom denne saka og terroråtaket under Boston Marathon.

SISTE NYTT

Siste nytt