LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Ein høgståande tenestemann i helsedepartementet i Punjab seier at minst 50 menneske er såra i angrepet.
Den pakistanske avisa
melder at eksplosjonen skjedde på ein marknadsplass ikkje langt frå heimen til provinsminister Dost Mohammad Khosa. Angrepet var truleg retta mot dette huset, men det var ikkje folk til stades der, blir det opplyst.Huset vart fullstendig øydelagt i eksplosjonen.
Det er innført alarmberedskap ved alle sjukehusa i distriktet, sier ein lokal tenestemann.
- Det skjedde ved ein marknadsplass, og mange butikkar er øydelagde, seier Tariq Gurmani, som bur i byen. Han fortel til Reuters at han har sett mange såra menneske.
Nheitsbyrået AFP melder at mellom åtte og ti butikkar er øydelagde. Også ein moske skal vere delvis øydelagd. Det er frykt for at det er fleire menneske under ruinane, og talet på drepne kan stige.
Angrepet i dag kjem ei veke etter at to sjølvmordsaksjonistar gjekk til angrep på hovudkvarteret til den militære etterretningstenesta sitt hovudkvarter i Multan, rundt 100 kilometer vest for Dera Ghazi Khan. Her vart 10 menneske drepne.
7. desember vart 51 menneske drepne i eit dobbelt sjølvmordsaksjon i storbyen Lahore.