Hopp til innhold

Minst 13 drepne i sjølvmordsaksjon i Lahore

Minst 13 menneske, blant dei fleire polititoppar, er drepne i ein sjølvmordsaksjon under ein demonstrasjon i den pakistanske storbyen Lahore, melder fjernsynsstasjonen Geo-TV. Minst 60 er såra i angrepet.

Minst 13 menneske vart drepne i eit bombeangrep i Lahore i Pakistan.

VIDEO: Terror i Lahore.

Ei grein av den islamistiske organisasjonen Taliban seier dei står bak angrepet. Ein talsmann for politiet seier at ein mann på motorsykkel køyrde inn blant fleire hundre farmasøytar som demonstrerte mot ei ny lov som regulerer sal av legemiddel, og detonerte bomba.

Geo-TV melder at sjefen for trafikkpolitiet i byen, Ahmed Mobeen, er blant dei drepne i angrepet. Eksplosjonen var svært kraftig, fortel augevitne. Minst 60 menneske er såra i angrepet.

Stort behov for blod

Bombeangrep i Lahore.

Politi og redningsarbeidarar i aksjon på åstaden for bombeeksplosjonen i den pakistanske storbyen Lahore.

Foto: Arif Ali / AFP

Styresmaktene gjekk raskt ut og bad folk om å melde seg på sjukehusa i byen for å gi blod, og mange har fylgt oppmodinga.

Etter angrepet er politiet i hovudstaden Islamabad sett i høgste beredskap i frykt for angrep også der.

Styresmaktene i Pakistan sende 7. februar ut ei åtvaring om at ei «uidentifisert terrorgruppe» hadde planlagt eit angrep i Lahore. Dette gjorde at tryggleiken ved viktige bygningar i byen vart trappa opp.

Taliban-fraksjon

Taliban-fraksjonen Jamal u-Ahrar har trua med å gjennomføre slike angrep. Denne gruppa tok på seg skulda for bombeangrepet i ein park i Lahore i påska i fjor, då over 70 menneske vart drepne.

Lahore er den nest største byen i Pakistan med rundt 10 millionar innbyggjarar. Karachi er størst.

Bombeangrep i Lahore.

Ei kraftig bombe vart utløyst av ein mann på motorsykkel, fortel augevitne.

Foto: Arif Ali / AFP

Saka blir oppdatert

Lahore

SISTE NYTT

Siste nytt