Hopp til innhold

Maktkamp i fengsel kosta 116 fangar livet

Dødstalet etter samanstøytane i eit fengsel i Ecuador er kraftig justert opp, og meir enn 116 er no funne døde. Minst fem av desse har fått hovuda skore av.

Pårørande venter utanfor likhuset i Guayaquil

Pårørande venter utanfor fengselet i Guayaquil medan dei drepne fangane vert frakta bort.

Foto: Angel DeJesus / AP

Det vart først meldt at 30 vart drepne, men etter ein dag med leiting melder styresmaktene at minst 116 er døde og 80 skadde. Styresmaktene kallar det den verste fengselsmassakren i landet si historie.

President Guillermo Lasso har erklært unntakstilstand i fengselssystemet, noko som mellom anna tillèt regjeringa å sende ut politi og soldatar til fengsla.

Kister med fanger fraktes bort fra fengselet i Guayaquil i Ecuador etter fangeopprøret

Mange kister er frakta til fengselet i Guayaquil i Ecuador etter fangeopprøret.

Foto: Angel DeJesus / AP

Kan ikkje garantere kontroll

Lasso var synleg prega då han på ein pressekonferanse sa at det som hadde skjedd, var «fælt og trist». Han kunne ikkje garantere at styresmaktene har fått tilbake kontrollen over fengselet, skriv nyheitsbyrået AP.

Opprøret starta med at det braut ut slåsting mellom kriminelle gjengar i fengselet, som ligg i kystbyen Guayaquil, tysdag morgon lokal tid.

Samanstøytane varte i meir enn fem timar. Skytevåpen, knivar og eksplosiv vart tekne i brukt. Det er gjengane «Los Lobos» og «Los Choneros» som får skulda.

– Det er beklageleg at fengsla blir gjort til åstad for maktkamp mellom kriminelle gjengar, sa Lasso.

En pårørende kollapser utenfor fengselet etter fangeopprøret i Guayaquil-fengselet i Ecuador

Ein pårørande kollapsar utanfor fengselet etter fangeopprøret i Guayaquil-fengselet

Foto: Angel DeJesus / AP

Forferdelege bilete

Det har sirkulert bilete i sosiale medium frå innsida av fengselet. Der ligg fleire tital menneske døde, og åstadene som ser ut som krigssoner.

Familie og vener av dei innsette i fengselet hadde onsdag samla seg utanfor, medan dei venta på nytt. Fleire gråt då dei fortalde journalistar korleis deira nære og kjære hadde vorte brutalt drepne, skriv nyheitsbyrået AP.

Ifølgje Lasso får dei pårørande tilbod om krisehjelp, og dei får mat og psykologhjelp ved samlingsstadar utanfor fengselet.

Ledy Zúñiga, som tidlegare var justisminister i Ecuador og øvste ansvarlege for rehabiliteringa av kriminelle, beklaga at det ikkje vart innført tiltak etter liknande hendingar tidlegare i år.

Pårørende samles utenfor likhuset i Guayaquil i Ecuador etter at 116 mennesker er døde i et fangeopprør.

Slektningar samlast utanfor likhuset i Guayaquil i Ecuador medan dei ventar på nytt om sine.

Foto: Angel DeJesus / AP

Maktkamp i fengsel

I september angrep mistenkte gjengmedlemmer eit fengsel i Guayaquil med væpna dronar, og i juli vart til saman 21 drepne i opprør i fengsel i Cotopaxi og Guayaquil.

I februar vart 79 menneske drepne i valdelege kampar mellom rivaliserande gjengar i fleire fengsel.

Lasso seier at regjeringa vil ha fortgang i eit program som skal utbetre fengsla i landet for 24 millionar dollar, tilsvarande vel 200 millionar kroner. Første punkt på lista er investeringar i infrastruktur og teknologi i Litoral-fengselet.

Ambulanser kjører bort de døde fra fengselet i Guayaquil i Ecuador 28 espt 2021

Ambulansar køyrer bort dei døydde frå fengselet i Guayaquil.

Foto: Angel DeJesus / AP

SISTE NYTT

Siste nytt

NRK har geolokalisert videoene.

IDF: Israel har tatt kontroll over delar av Rafah

Israelske pansra køyretøy tok seg natt til tysdag inn i Rafah. No har israelske styrkar tatt kontroll over den palestinske sida av grenseovergangen ved Rafah, stadfestar IDF.