Hopp til innhold

Minnesmerke om Tiananmen-massakren fjerna i Hongkong

Eit monument til minne om demokratiforkjemparane som vart massakrert i Beijing i 1989, vart onsdag fjerna frå Universitetet i Hongkong.

Monument til minne om demokratiforkjempere påå Tiananmen-plassen i Beijing blir gjernet fra universitetet i Hongkong 22. des 2021

Minnesmerket vart delt opp og boren ut av universitetet onsdag.

Foto: TYRONE SIU / Reuters

«Skamma si søyle» er laga av den danske kunstnaren Jens Galschiøt.

Det viser 50 samanvridde kroppar og symboliserer alle dei som mista livet då kinesiske styresmakter sette inn soldatar mot fredelege demonstrantar på Tiananmen-plassen (Den himmelske fredens plass) 4. juni 1989.

Det har stått på Universitet i Hongkong sidan 1997 då Storbritannia overlèt den tidlegare kronkolonien til Kina.

Leiinga på universitetet kravde i oktober monumentet fjerna, til protestar frå menneskerettsaktivistar og andre.

Minnesmerke i Hongkong over massakren på Tiananmen-plassen i Beijing i 1989.

Det åtte meter høge monumentet vart dekt med plater og deretter fjerna.

Foto: Tyrone Siu / Reuters

«Ein forelda statue»

Onsdag kveld dekte arbeidarar til monumentet med plater, medan tryggingsvakter passa på. Seinare stadfesta universitetet at minnesmerket var fjerna.

– Avgjerda om den forelda statuen er basert på eksterne juridiske råd og er i interessa til universitetet, heiter det i ei fråsegn.

Onsdag vart minnesmerket dekt til med plater. Tryggingsvakter hindra journalistar i å vere i nærleiken av statuen og prøvd å stanse fotografar frå å filme. I tillegg vart ein konteinar flytta til staden.

Nyheitsbyrået AFPs reporter var til stades på universitet og opplyser at dei hadde høyrt boring og metallklang.

Tidleg torsdag morgon lokal tid observerte ein av journalistane til nyheitsbyrået at det som såg ut til å vere ein stor, innpakka del av statusen vart løfta av ei kran i retning konteinaren.

Seinare vart ein mindre del boren ut, pakka inn i plast.

Minnesmerke over opprøret på Tiananmen-plassen blir demontert og plassert i ein konteinar i Hongkong

Minnesmerke over opprøret på Tiananmen-plassen blir demontert og plassert i ein konteinar i Hongkong.

Foto: TYRONE SIU / Reuters

Kina strammar inn

Hongkong har vore den einaste staden i Kina der ein kunne heidre minnet om offera for massakren på Tiananmen-plassen.

Årsdagen har vore markert kvart år, men i 2020 og 2021 har styresmaktene forbode markeringa, offisielt på grunn av koronapandemien.

Styresmaktene i Hongkong har slått hardt ned på demokratirørsla i regionen etter at den nasjonale tryggingslova tredde i kraft i fjor. Kina innførte lova etter at studentar og andre skipa til omfattande demokratiprotestar over fleire månader i 2019.

Lova gir styresmaktene rett til å slå hardt ned på kritikarar av det kinesiske styret i territoriet.

Ei lang rekkje opposisjonelle er sette i fengsel eller har flykta utanlands. Styresmaktene prøver òg å skrive om historia og gjere byen meir «patriotisk».

Skuffa kunstnar

Den danske kunstnaren tilbaud seg å ta med monumentet til Danmark, mot at han blir innvilga immunitet frå den omstridde tryggingslova.

Han seier til AFP at det er «merkeleg» og «sjokkerande» at universitet gjer noko med statuen, som han held fast ved at er eigd av han privat.

– Det er ein veldig dyr skulptur. Så om dei øydelegg han, vil vi sjølvsagt saksøkje dei. Det er ikkje rett, seier Galschiøt.

Dansken seier at universitetet ikkje har teke kontakt med han eller gitt beskjed om at noko ville skje med monumentet.

SISTE NYTT

Siste nytt