NRK Meny
Normal

Braut røykjelova - fekk millionbot

Restauranteigar José Eugenio Arias er tvinga til å stenge restauranten sin, og har fått ei millionbot for brot på den ferske røykjelova i Spania.

Jose Eugenio Arias poserer med ein sigar

På plakaten står det ei oppmoding om å motarbeide den spanske røykelova. Framfor poserer restauranteigar José Eugenio Arias med ein sigar.

Foto: JON NAZCA / Reuters

Frå nyttår innførte Spania ei av dei strengaste røykjelovene i Europa, og truga med bøter på fleire millionar for dei som ikkje ville innrette seg.

Restauranteigaren José Eugenio Arias har ikkje klart å oppfylle krava frå helsemyndigheitene, og måtte i går stenge restauranten Asador de Guadalmina i Marbella i Sør-Spania.

Jose Eugenia Arias og servitørane fekk beskjed om å slutte serveringa

Jose Eugenia Arias og servitørane fekk beskjed om å slutte serveringa, men nekta å etterkome kravet.

Foto: JON NAZCA / Reuters

Jose Eugenio Arias nektar å godta bot

Folk applauderte restauranteigaren då han nekta å stenge restauranten.

Foto: JON NAZCA / Reuters

Han er i tillegg idømd ei bot på 145.000 euro (omlag 1,1 millionar kroner). Denne har han ingen planar om å betale, skriv den spanske avisa El Pais.

Ville saksøke «alle»

Då helsemyndigheitene kom på døra i går for å fortelje at restauranten måtte stenge, var det 30 personar i restauranten.

Desse applauderte då eigaren først nekta å godta ordren, og så baud alle på ein drink.

– Eg har store ballar, og desse skitne sosialistane skremmer ikkje meg, sa Arias.

I protest varsla restauranteigaren at han ville ta saka til retten, og at han ville saksøke alle som var involverte i nedlegginga.

Stengte for kona

I dag tidleg hadde han ombestemt seg, og gjekk med på å stenge.

– Eg har bestemt meg for å ikkje gjere motstand. Eg gjer dette for kona mi og borna mine, sa han til journalistane som venta ved restauranten.

Jose Eugenio Arias stengjer restauranten

– Eg har store ballar og lar ikkje desse skitne sosialistane skremme meg, sa Arias først, men morgonen etter bestemte han seg likevel for å stenge.

Foto: JON NAZCA / Reuters

I det siste har Arias samla 100.000 underskrifter i protest mot røykjelova.

No må han halde dørene stengde i to månader. Om eigaren nektar å betale millionbota, vil saka gå til retten. Då kan han likevel kunne opne restauranten fram til ein dom er klar.

Den lokale administrasjonen i Andalucia har bede restauranteigaren om å gi seg, fjerne plakatar der han oppfordrar til lovbrot, og rette seg etter den nye lova.

– Lova er laga, og skal bli følgd, seier delstatspresidenten José Antonio Griñan.

Helseministeren i Andalucia, Maria Jesús Montero, seier Arias likevel kan få lov å opne igjen om han sluttar med protestaksjonen sin.

Jose Eugenio Arias i eit røykevindu

Arias kan få opne igjen om han sluttar med antirøykelov-kampanjen sin.

Foto: JON NAZCA / Reuters
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt