NRK Meny
Normal

Skremmer med røykjebot på fleire millionar kroner

Den nye og strengare røykjelova i Spania kan gjere det dyrt å røykje inne. Myndigheitene skremmer med bøter på fleire millionar kroner.

Video Spansk røykeforbud fra i dag

Spania våkna til røykeforbod i dag. Sjå korleis spaniarane reagerte.

I dag fekk Spania ei av dei strengaste røykjelovene i Europa. Dei som ikkje greier å innrette seg, kan vente seg bøter på mellom 30 og 600.000 euro (mellom 230 kroner og 4,7 millionar kroner).

– Dette vil gå ut over drifta. Folk som kjem hit, likar å ta ein sigarett til kaffien, seier servitøren Fidel på ein røykfylt Madrid-kafe før lova hadde starta å virke.

Kvinne røyker inne i Spania

Frå og med i dag er det ikkje lov å tenne opp sigaretten til kaffien på spanske serveringsstader.

Foto: PEDRO ARMESTRE / Afp

Fjernar skilt som godtek røyking

I dag fjernar bareigarar i heile landet skilt med påskrifta 'Se parmite fumar'.

Foto: Alvaro Barrientos / Ap

Fram til i dag har spanske restauranteigarar kunne drive i eitt av dei mest røykjevenlege landa i Europa.

Men no fryktar dei at den nye røykjelova skal gjere livet surt for dei, og gjere den økonomiske krisa verre.

– Burde vente på betre tider

Ein spansk reiselivsorgansasjon har vurdert at 350.000 arbeidsplassar i bransjen står i fare for å bli borte på grunn av sviktande inntekter når røykjarane blir utestengde. Arbeidsløysa i landet er allereie på 20 prosent .

– Dette er ikkje tida å endre denne lova. Vi burde vente til økonomien i landet blir, betre, seier Fidel til avisa Montreal Gazette.

Helseminster Leire Pajin trur ikkje det vil gå så ille.

– Vi må hugse på at meir enn 70 prosent av dei som bur i Spania er ikkje-røykjarar. Det er logisk å tru at dei vil kjenne seg meir komfortable på serveringsstader når det ikkje er tobakkrøyk i lufta, sa ho til det spanske parlamentet då lova vart godkjend i desember.

Spania er hardt råka av den økonomiske uroen i Europa, og mot slutten av 2010 innførte landet høgare avgifter på tobakk i håp om at det kan føre til ei ekstrainntekt for staten på 780 millionar euro kvart år (meir enn 6 millardar kroner).

Håpar fleire stumpar røyken

Ifølgje BBC døyr 160 personar i Spania kvar einaste dag som følgje av skader frå tobakk. Fire av desse døyr av passiv røyking.

Fram til i dag har bareigarar sjølve fått lov å bestemme om dei vil tillate røyking. Berre større restaurantar og barar har vore nøydde å ha eigne røykjeområde.

Sjølv om hotell-, bar- og restauranteigarar fryktar lågare inntekter, trur legar at den nye røykjelova kan hjelpe dei som vil stumpe røyken.

– Det er bra for dei som ikkje røykjer, men vanskeleg for oss som gjer det, slik som meg sjølv, seier den røykande bargjesten Marcia Cardoso.

– Vi må berre bli vande med det, og følgje reglane. Det er slik det er, seier Helen Ramallo på ein bar i Barcelona.

Frå i dag må røykarane gå ut

Frå i dag må røykarane gå ut, men det er fritt fram å nyte kaffien inne.

Foto: CESAR MANSO / Afp

– Folk sluttar ikkje å gå ut

Frå og med i dag blir det også forbode å røykje på direktesendingar i TV, nær sjukehus og rundt skular.

Barsjefen Pablo Forlan trur ikkje røykelova vil gjere det heilt omogleg å lokke til seg gjestar.

– Det vil nok bli ein nedgang i talet på kundar. Mange likar å kome hit for å drikke kaffi og røykje sigarettar, men folk sluttar jo ikkje heilt å gå ut av den grunn, seier han.

Liknande innstrammingar i mellom anna Irland har ikkje ført til spesielle økonomiske utfordringar.

Ein siste blås i baren

Ein siste blås i baren.

Foto: Alvaro Barrientos / Ap