Hopp til innhold
Urix forklarer

Merkel storfavoritt, men regjeringa kan bli ei anna

Tysklands regjering er eit fornuftsekteskap som ingen av partane ønsker, derfor kan det bli endringar etter valet kommande søndag.

Forbundskansler Angela Merkel

Tysklands forbundskanslar Angela Merkel.

Foto: Michael Sohn / AP

Angela Merkel leiar i dag ein storkoalisjon av kristelegdemokratar og sosialdemokratar. Dette er dei store folkepartia i Tyskland, som til saman har tre firedelar av Forbundsdagen i ryggen.

Men det er lite kjærleik: Regjeringspartnarane er dei tradisjonelle hovudkonkurrentane i tysk politikk.

Merkel får æra

For sosialdemokratane gjer regjeringsdeltakinga at partiet hamnar i skuggen av Angela Merkel. Kanslerkandidaten Martin Schulz slit med å stå fram som eit truverdig alternativ til Merkel.

Sosialdemokratane får medansvar for det som ikkje går bra, mens Angela Merkels får æra for regjeringas suksessar som låg arbeidsløyse og solid økonomi.

Utfordrer Martin Schulz

Angela Merkels utfordrar, Martin Schulz.

Foto: STEFFI LOOS / AFP

Sosialdemokratane taper, Merkel vinn

målingane no ligg Angela Merkels kristelegdemokratar (CDU) og søsterpartiet i Bayern (CSU) oppunder førti prosent oppslutning.

Sosialdemokratane (SPD) ligg godt nede på tjuetalet, håplaust langt etter.

Fire andre parti ser ut til å kome over sperregrensa. Det gir i så fall seks parti i den nye Forbundsdagen, mot fire i dag. Og det opnar for nye konstellasjonar.

Fridemokratane i regjering

Ser ein valkampen i Tyskland som skilsmisseforhandlingar, kjem Angela Merkel etter alt å døme best ut, og ho har allereie auga på ein annan. Favorittpartnar er Fridemokratane

Fridemokratenes toppkandidat er Christian Lindner

Reklameplakat for Fridemokratenes toppkandidat Christian Lindner.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

(FDP), eit urbant, liberalt parti som fall ut av forbundsdagen etter regjeringssamarbeid med nettopp Merkel i førre periode.

No kjem dei altså inn igjen, og det er ikkje usannsynleg at dei går rett i regjering.

Jamaica

Men spørsmålet er om det er nok med Merkel og Fridemokratane. Truleg vil dei trenge enno ein partnar.

Det kan opne for Dei Grøne. Dei er sosialdemokratanes tidlegare regjeringspartnar, og har aldri tidlegare samarbeidd til høgre på riksnivå.

Og sjølv om Dei Grøne i valkampen markerer klar avstand til Fridemokratane, både i synet på flyktningar, miljøspørsmål og sosial rettvise, utelukkar dei ikkje regjeringssamarbeid.

Det ville bli ein såkalla Jamaica-koalisjon (partifargane svart for Kristelegdemokratane, grøn for Dei Grøne og gul for Fridemokratane, som til saman er dei same som i flagget til Jamaica).

Innvandringskritikarane

Eit stort poeng ved det tyske valet er at det innvandringskritiske høgrepartiet Alternativ for Tyskland (AfD) for første gong vil få plass i Forbundsdagen.

Men, i likskap med fløypartiet på motsett side, Die Linke, vil AfD neppe få noko innverknad på danninga av ny regjering.

CDU har tydeleg utelukka samarbeid. Det betyr ikkje at dei blir utan innflytelse. AfD får ein ny og kraftfull talarstol, og mange vil meine partiet allereie har hatt betydeleg innverknad ved å presse fram innstrammingar i tysk innvandringspolitikk.

Alternativ for Tyskland

Det innvandringskritiske høgrepartiet Alternativ for Tyskland (AfD) vil for første gong få plass i Forbundsdagen.

Foto: WOLFGANG RATTAY / Reuters

SPD ser mot 2021

Fornuftsekteskapet i den tyske regjeringa kan altså gå mot slutten. SPD-leiinga må etter alt å døme forsone seg med at dei taper også dette valet, og rette blikket mot 2021.

Europas eldste sosialdemokratiske parti har fire år på seg til å stable eit truverdig og slagkraftig alternativ på beina, det gjer dei best utanfor skjørtekantane til Angela Merkel.

Tvangsekteskap

Så får vi sjå kvar regjeringsforhandlingane ber.

Skulle den parlamentariske situasjonen bli så vanskeleg at den pressar fram ein ny storkoalisjon med CDU/CSU og SPD, bør vi kanskje slutte å snakke om fornuftsekteskap. Men snarare tvangsekteskap.

SISTE NYTT

Siste nytt