Det var ein talsmann for regionrådet i Mosul som i ettermiddag sa til det franske nyheitsbyrået AFP at ein av brørne til mulla Krekar vart drepen i dag.
Brynjar Meling avviser at ein av brørne til mulla Krekar er drepen i Irak. (Scanpix-foto)
- Khalid Sido, broren til mulla Krekar, vart drepen i kampane i Yarmoouk-distriktet i Mosul i dag, seier talsmannen Hazem Dalawi.
Brynjar Meling, som er advokaten til mulla Krekar, seier i kveld at korkje namnet eller sataden stemmer med Krekar-familien, seier han.
Han opplyser at det vart funne våpen inne i Sido sin Opel, saman med eit svart flagg med følgjande tekst: "Det er berre ein Gud, og Mohammed er hans profet".
Mulla Krekar var tidlegare leiar for den islamistiske kurdiske gruppa Ansar Al Islam. Det er uklart om broren hans har vore tilknytt denne gruppa, eller om han tilhøyrde ei anna av gruppene som kjempar mot den amerikanske okkupasjonen.
Minst 12 personar er drepne i kampane i Mosul i dag, og 46 er meldt skadde. Dei fleste skal vere sivile.
Mulla Krekar oppheld seg framleis i Noreg. Styresmaktene har utsett utvisinga av han til 1. januar 2005 på grunn av den utrygge situasjonen i det nordlege Irak.