Hopp til innhold

Mektige mafia-systrer arresterte

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tre systrer av ein mektig mafialeiar i Napoli i Italia er pågripne av politiet saman med 13 andre mistenkte Camorra-medlemmer.

Dei tre kvinnene er systrer av den mektige Camorra-bossen Vincenzo Aprea, og politiet meiner dei har spelt ei viktig rolle i organisasjonen.

Familieklanen har basen sin i Barra, ein austleg forstad til Napoli.

Kvinnene spelar ei stadig viktigare rolle i den organiserte kriminelle aktiviteten i den napolitanske mafiaen dei siste 20 åra, La Camorra, meiner politiet.

Kvinnene i Camorraen har teke ei stadig meir aktiv rolle. Dei går inn i rollene til mennene sine når dei sit fengsla, og dei spelar ei viktg rolle innanfor smugling av våpen og narkotika.

Politiet har også avdekt stadig fleire tilfelle der kvinnelege mafiamedlemer drep kvinner frå konkurrenrande grupperingar.

Saka blir oppdatert


SISTE NYTT

Siste nytt