Alle dei drepne høyrde til den same klanen som den tidlegare diktatoren Saddam Hussein gjorde.
- Det var både menn, kvinner og born mellom dei drepne. Berre eit åtte år gamalt barn overlevde, opplyser ein irakisk politimann.
Åtaket skjedde natt til torsdag i Awja, ein landsby sju kilometer utanfor Tikrit.
- Faren i familien høyrde til same klanen som Saddam, Bijat, seier naboen, Moussa Faraj.
- Han hadde ikkje nokon politisk ståstad, og han hadde heller ikkje vore med i hæren. Han var berre ein enkel mann som dreiv den vesle forretninga si, fortel den sjokkerte naboen.
Politiet veit ikkje kven som står bak åtaket eller kva motivet var.