Hopp til innhold

Måtte flykte frå kraftig skogbrann: – Vi har mista alt

Joanne Bates måtte flykte frå flammane og har forlatt alt ho eigde. Mange av innbyggjarane i Fort McMurray har mista hus og heim i skogbrannen som herjar.

Samtlige innbyggere i den canadiske byen Fort McMurray er evakuert på grunn av en stor skogbrann som truer både hus, oljeanlegg og andre bygninger.

VIDEO: Skogbrann herjar i oljesan-byen Fort McMurray. Innbyggjarane er evakuert.

Joanne Bates og hennar familie har mista alle eigedelar i den voldsomme skogbrannen som herjar Fort McMurray.

Joanne Bates

Joanne Bates fryktar at ho har mista alt ho eig.

Foto: CBC

– Det er ein katastrofe, og eg synest ikkje det er rettferdig at vi ikkje ein gong fekk ta med oss noko av det vi eig. Vi har mista alt. Vi har berre det vi klarte å ta med oss på ryggen, seier ho gråtkvelt CBC.

Dei vart evakuert på få minutt. Like ved står John Davidson.

– Alt eg har jobba for dei to siste åra går opp i røyk no.

På ein bensinstasjon fyller innbyggjarane opp tankane på bilane sine.

Folk spring mellom bilane og lastar inn kjæledyr og dei få eigedelane dei har klart å raske med seg. Hovudfartsåra ut av byen i sør er stengt på grunn av brannen.

Aldri sett liknande

På vegane som framleis er opne trugar flammane i grøftekantane. Helikopter og små brannflykjempar mot flammane. Førebels strekker det ikkje til. Brannmannen Darby Allen Wod har årelang erfaring i brannvesenet i regionen. Han har aldri sett liknande.

– Dette har vore den verste dagen i mitt yrkesliv. Folk her er knust. Samfunnet vårt er heilt øydelagd. Det kjem til å ta tid å kunne reise seg igjen etter dette, seier Wood til tv-kanalen.

Vind og høg temperatur gjer slukkingsarbeidet i det tørre graset vanskeleg. Skogbrannen utvikla seg dramtisk fort på kort tid, skriv nyheitsbyrået AP.

Hadde pakka naudbag

Fort McMurray Iigg i hjartet av oljesand-regionen i Canada. Heile byen er evakuert. Flammane herjar og viser ingen nåde mot verken natur eller nabolag. Kaybre Peats fortel til den canadiske allmennkringkastaren at ho såg korleis flammane spreidde seg over ei elv.

– Vi hadde to minutt på å kome oss heim og plukke opp det mest naudsynte. Vi hadde pakka baggen dagen før i tilfelle, plukka opp hunden og reiste.

Ho fekk telefon medan ho var på jobb om at ho måtte evakuere.

– Eg er livredd og nervør for eg veit ikkje om eg har ein heim å komme tilbake til. Men eg har hunden min og familien. Det er alt eg treng. Eg hadde ikkje forventa dette. Eg trudde brannen var langt unna og at eg skulle få tid til å ta med meg fleire ting. Eg vart overraska.

SISTE NYTT

Siste nytt