NRK Meny
Normal

Mann arrestert etter Berlin-angrep

Politiet i Berlin har arrestert mannen dei trur køyrde vogntoget som raste inn på ein julemarknad i sentrum av Berlin i kveld. Tolv menneske er drepne og 48 såra.

Minst ni er drept og opptil 50 skadd. En gjerningsperson er pågrepet etter det politiet beskriver som et terrorangrep.

VIDEO: Lastebil køyrde inn i julemarknad.

Vogntoget pløgde med seg fleire marknadsbuer på vegen, og det stansa rett framfor det store juletreet på staden. Då kom vogntoget ikkje lenger. Ein mann greidde å stikke av frå lastebilen, men ved 21.30-tida vart det meldt at ein person var arrestert.

Fjernsynskanalen N24 melder at ein mann vart funnen død inne i lastebilen. Det er uklart om dette er ein medhjelpar til gjerningsmannen, eller om det er den opphavlege sjåføren på vogntoget. Det er mogleg at køyretøyet har vorte kapra.

Fryktar kapring

Terrorangrep i Berlin.

Ein såra får hjelp av ambulansepersonell på julemarknaden i Berlin.

Foto: Michael Sohn / AP

Polske Ariel Zurawski er eigar av lastebilen, som også er registrert i Polen. Han fortel til TVN 24 at han hadde kontakt med bilen fram til mellom 15 og 16 i ettermiddag. Han fryktar at sjåføren har vorte utsett for eit overfall.

– Eg har snakka med kona hans. Ho har fortalt at ho ikkje har oppnådd kontakt med mannen sidan 16-tida i dag, og ho er redd for at noko har skjedd, seier han.

Politiet seier no at personen som vart funnen inne i lastebilen, «døydde på staden».

Politiet i den tyske hovudstaden ber folk halde seg innandørs, trass i at borgarmeister Michael Müller har gått ut og sagt at situasjonen no er under kontroll. Han seier at han er i sjokk, og at tankane hans går til dei døde og såra og familiane deira.

Norske Charlotte (18) i Berlin: – Vi trodde det var en bilulykke

USA åtvara

USA har tidlegare varsla tyske styresmakter om at det var stor fare for eit terrorangrep mot nettopp ein julemarknad i Berlin. Avisa Die Welt skriv at det i fleire dagar har vore indikasjonar på at det kunne kome eit angrep mot ein julemarknad i byen. Framgangsmåten liknar på angrepet på strandpromenaden i den franske byen Nice, då brukte terroristen også ein lastebil mot folkemengda.

86 menneske vart drepne og over 400 såra i dette angrepet. Gjerningsmannen, ein tunisiar, vart drepen i ei skotveksling med politiet. IS har teke på seg skulda for angrepet.

Politiet har oppretta ei telefonline der menneske som saknar familiemedlemer eller vener kan ringje for å få informasjon.

Berlin-politiet seier også at det ikkje er noko som tyder på at det er umiddelbar fare for fleire angrep i byen.

Tolv drept etter at vogntog kjørte inn i julemarked i Berlin

Terrorangrep i Berlin.

Minst ni menneske er drepne etter at ein lastebil køyrde inn på ein julemarknad i Berlin i kveld.

Foto: Odd Andersen / AFP

Merkel kondolerer

Forbundskanslar Angela Merkel seier i kveld at ho sørgjer over dei døde og håpar at dei såra får den hjelpa dei treng for å bli friske. Av dei rundt 50 såra skal tilstanden vere alvorleg for fire av dei, ifølgje politiet.

Det tyske nyheitsbyrået DPA siterer tryggingskjelder på at dei ikkje kjenner bakgrunnen til tragedien, men at mykje talar for at det er snakk om islamistisk terror.

Politiet opplyser at det er både utanlandske turistar og berlinarar blant dei som vart ramma i kveld, men dei kan ikkje gi meir utfyllande informasjon om dette no. NTBs reporter på staden rapporterer om ei dyster stemning i den tyske hovudstaden.

Ho fortel også at det var munnhoggeri mellom tyskarar og nokre personar med arabisk utsjånad, men at politiet fekk roa ned situasjonen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt