Hopp til innhold

Pro-russiske demonstrantar okkuperte rådhuset i Donetsk igjen

Mange skal vere såra etter at russiske nasjonalistar igjen tok kontroll over rådhuset i den ukrainske millionbyen Donetsk i ettermiddag

Samasnstøytar i Donetsk i Ukraina.

Demonstrantane greidde å kome seg forbi politisperringane og tok over rådhuset i Donetsk.

Foto: Alexander KHUDOTEPLY / Afp

Ei gruppe på rundt 200 demonstrantar tok seg inn i rådhuset og heiste det russiske flagget, etter at dei tidlegare på dagen vart kasta ut av ukrainsk politi. Pro-russiske aktivistar tok kontroll over rådhuset måndag, før politiet fekk kontroll over situasjonen igjen i dag tidleg.

Britiske Sky News melder at så mange som 2000 demonstrantar samla seg utanfor bygningen før storminga. Ein journalist frå det franske nyheitsbyrået AFP fortel at ein del av demonstrantane har blodige ansikt etter samanstøytar med politiet.

Viktig støttepunkt for Janukovitsj

Pro-russiske demonstrasjonar i Donetsk i Ukraina

Pro-russiske aktivistar har i heile dag demonstrert framfor rådhuset i Donetsk.

Foto: Alexander KHUDOTEPLY / Afp

Donetsk ligg i den austlege delen av Ukraina, og det er mange innbyggjarar av russisk opphav i byen. Byen har vore rekna som eit av dei viktigaste støttepunkta for den avsette ukrainske presidenten Viktor Janukovitsj.

Det var store pro-russiske demonstrasjonar i byen sist helg, og måndag okkuperte altså demonstrantane rådhuset. Mannen som har leidd demonstrasjonane utanfor rådhuset har kalla seg «Folkets guvernør».

Han har kravd at styresmaktene i Donetsk bryt kontakten med den nye ukrainske regjeringa, og at Donetsk sjølv tek kontroll over politi- og tryggingsstyrkane i regionen.

I kveld har også rundt 5000 tilhengjarar av den nye ukrainske regjeringa demonstrert i sentrum av Donetsk, men politiet har hindra at dei har kome i nærleiken av dei pro-russiske demonstrantane.

Dei har ropt slagord som: «Ned med Putin» og «Donetsk er i Ukraina»

LES OGSÅ: Med skarpladde våpen – ti meter fra hverandre

LES OGSÅ: Tar soldat-selfies på Krim

LES OGSÅ: EU blar opp for Ukraina: – Vil hindre russisk utpressing

Storming

VIDEO: Sjå storminga av rådhuset i Donetsk.

– Fare for opptrapping

Regjeringa i Kiev skuldar Russland for å stå bak dei pro-russiske demonstrasjonane aust i landet. Dei hevdar at mange av demonstrantar er russiske statsborgarar som er bussa over grensa for å skape ein situasjon som kan forsvare ein russisk invasjon.

Dersom konflikten i Donetsk og andre byar nær grensa til Russland utviklar seg, kan det føre til ei alvorleg opptrapping av konflikten i Ukraina, meiner ekspertar.

Uro i Donetsk i Ukraina.

Dei pro-russiske demonstrantane i kamp med ukrainsk politi utanfor rådhuset i ettermiddag.

Foto: Alexander KHUDOTEPLY / Afp

Saka blir oppdatert

LES OGSÅ: Ukrainsk rakettforsvar under russisk kontroll

LES OGSÅ: Norske observatører sendes til Ukraina

SISTE NYTT

Siste nytt