Hopp til innhold

Må på smilekurs etter årevis med munnbind

Bak dekke har ansiktsmusklane til innbyggarar i Tokyo svunne hen. No får dei profesjonell hjelp for å igjen kunne smile.

Smile training course at Sokei Art School in Tokyo

SMIL: Deltakarar på smilekurset i Tokyo får «hands on»-trening av ansiktsmusklane.

Foto: KIM KYUNG-HOON / Reuters

– Ein treng ikkje tvinge fram eit smil under munnbind, seier Yuriko Eguchi.

65-åringen har som dei fleste andre japanarar brukt munnbind dei tre siste åra gjennom koronapandemien.

På det stadig meir populære smilekurset får ho trena opp att musklane i ansiktet.

– Når eg er på toget tenker eg: du ser gretten ut. Og eit nakent ansikt gjer deg merksam på ansiktsuttrykket ditt, seier Eguchi.

Smile training course at Sokei Art School in Tokyo

Bevegelse i 13 musklar må til for å smile.

Foto: KIM KYUNG-HOON / Reuters

Smilecoach Keiko Kawano merkar auka pågang på kurset ho har halde sidan 2017. Den siste tida har ho lært opp 23 nye coachar som kan lære kunsten vidare.

– Eg trur det er eit aukande behov for at folk smiler, seier ho.

Ansiktsbukser

Munnbind har vore i bruk i Japan i fleire tiår for å sikre seg sjølv og medborgarar frå sjukdommar. I tillegg til å unngå smitte har tildekking av ansiktet fungert som eit skjold mot omverda.

– Sjølv før pandemien brukte eg munnbind for å skjule ansiktet mitt. Eg var redd for kva andre tenkte om utsjånaden min, seier ein av deltakarane til NRC.

Etter årevis med munnbind er det stor pågang på smilekurs

Etter årevis med munnbind er det stor pågang på smilekurs

Den omfattande bruken av munnbind har ført til nye ord som kao pantsu og gakkari kao i det japanske språket. Det fyrste betyr bokstaveleg tala «ansiktsbukser», og peikar på at å ikkje ha på seg munnbind er like lite sosialt akseptert som å ikkje ta på bukser.

Gakkari kao tyder «skuffa ansikt», og viser til skuffinga når nokon tar av munnbindet og er mindre attraktiv enn venta.

Føretrekker framleis munnbind

I mars fjerna styresmaktene i Japan dei fleste av munnbindkrava.

To månader seinare viste ei spørjeundersøking utført av allmennkringkastaren NHK at 55 prosent av japanarar likevel vil halde fram med å bruke dei, skriv Reuters.

Pictures of the Week Asia Photo Gallery
Foto: Eugene Hoshiko / AP

– Eg har ikkje brukt ansiktsmusklane mykje under pandemien, så dette er god trening for ansiktet, seier den 20 år gamle studenten Himawari Yoshida.

Ved hjelp av eit nettbrett får deltakarane poeng på smilet dei klarer å tvinge fram. Alt over 80 poeng er godkjend.

Ulike typar smil

Smil har forskjellige posisjonar og betydningar i ulike kulturar. Likevel er det dei same musklane som må i sving for å vise ein venleg gest. Talet er 13, som er langt færre enn dei 47 som må til for å rynke på panna, ifylgje forskarar ved University of California.

Smile training course at Sokei Art School in Tokyo
Foto: KIM KYUNG-HOON / Reuters

Forskarar har identifisert seks ulike smil:

  • Duchenne-smilet: Eit skikkeleg glis, oppkalla etter den franske forskaren Duchenne de Boulogne. Namnet er assosiert med ein type muskeldystrofi.
  • Det flørtande, koketterande smilet: Ofte ser personen ut av augekroken med hovudet snudd.
  • Det underhalde smilet: Smilet etter til dømes ein god vits, med hovudet kasta bakover.
  • Kjærleikssmilet: Ofte med skrått hovud og mjuke auge.
  • Det interesserte smilet: Med heva augebryn og eit lett glis.
  • Det flaue smilet: Stundom med auga nedover.

Smil og pistolar

– Munn, kinn, auge. Det er viktig å gjere det i riktig rekkefølgje, seier coach Kawano.

Prisen for kurset er 7700 japanske yen, dryge 55 dollar. Det er uvisst om den norske metoden «appelsiiin» blir brukt på kurset.

Smile training course at Sokei Art School in Tokyo
Foto: KIM KYUNG-HOON / Reuters

Kawano er overtydd om at japanarar kulturelt sett er mindre tilbøyelege til å smile enn vestlege innbyggarar. Det skal henge saman med Japan sin trygge posisjon som øystat og eit samla rike.

– Kulturelt betyr eit smil at eg ikkje held ein pistol, og at eg ikkje er ein trussel mot deg, seier ho.

Ho legg til at med auka turisme, må japanarar kommunisere med utlendingar med meir enn berre auga.

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.