Hopp til innhold

Mora til Navalnyj vil ikkje godta hemmeleg gravferd

Russiske styresmakter skal ha gjeve Ljudmila Navalnaja tre timar til å godta ei hemmeleg gravferd for sonen, Aleksej Navalnyj. Dette har ho avvist, ifølge talsperson.

Ljudmila Navalnaja

Ljudmila Navalnaja godtek ikkje krava frå russiske styresmakter.

Foto: AP

Russland skal torsdag ha kravd at regimekritikaren Aleksej Navalnyj skulle få ei hemmeleg gravferd. Navalnyj døydde nyleg medan han sat fengsla i ein russisk straffekoloni.

Fredag skal styresmaktene ha gjeve mora Ljudmila Navalnaja eit ultimatum om å godta kravet innan tre timar, elles ville Navalnyj bli gravlagd i straffekolonien der han døydde, melder Reuters.

Men dette kravet er no avvist, skriv Navalnyjs talsperson Kira Jarmysj.

– Ho nektar å forhandle med dei fordi dei ikkje har mynde til å avgjere når eller korleis sonen hennar skal blir gravlagd. Ho insisterer på at styresmaktene tillèt ei gravferd i tråd med vanleg praksis, skriv ho.

Les også Kona til Navalnyj: – Putin drap mannen min

Krev liket frigjeve

Navalnaja fortalde torsdag at ho hadde fått sett liket av sonen, og at styresmaktene la press på henne for å godta ei hemmeleg gravferd.

Men i ein YouTube-video sa ho at ho ønskte at alle som ville skulle få ta farvel med sonen.

– Eg ønsker at de som var glade i Aleksej, som opplevde dødsfallet hans som ein personleg tragedie, skal kunne seie farvel til han.

Jarmysj skriv i meldinga ho publiserte fredag at liket skal blir frigjort innan to dagar etter at dødsårsaka er fastsett. Denne fristen går ut laurdag, ifølge dokumenta mora til Navalnyj har signert.

Fryktar gravferd skal forstyrre valet

Det at russiske styresmakter ikkje vil levere ut liket og krev hemmeleg gravferd, kan tyde på at dei fryktar kva ei slik gravferd kan føre til, skriv Reuters.

Om få veker er det val i Russland, der Vladimir Putin skal veljast til seks nye år som president. Ingen av dei tre andre kandidatane i valkampen er kritisk mot presidenten.

Styresmaktene fryktar at ei offentleg gravferd skal bli ein samlingsstad for regimekritikarar som kan utvikle seg til uro, skriv nyheitsbyrået.

Kjent Putin-kritikar

Navalnyj var ein dei mest profilerte kritikarane av president Putin, og blei særleg kjent etter at han kom med avsløringar om korrupsjon i det russiske maktapparatet.

I august 2020 blei han forgifta under ein flytur, men overlevde.

Les også Kvifor døyr fiendane til Putin?

SuIlBQUDgqo

Han blei sendt til Tyskland for behandling, men valde seinare å reise tilbake til Russland.

Der blei han gripen på flyplassen, og sendt til ein straffekoloni i Jamal-Nenets, nord i det sentrale Russland. Der sona han fleire straffer på til saman 30 år.

Men Navalnyj stod fast på at skuldingane mot han var grunnlause og forfalska for å stanse dei politiske ambisjonane hans.

Les også Norge kaller inn Russlands ambassadør til samtale om Navalnyjs død

Kirkeneskonferensen 2022

Støttespelarane til Navalnyj skuldar Russlands president Vladimir Putin for å ha beordra eit drap på regimekritikaren.

Kreml har avvist at dei har noko med dødsfallet å gjere, og seier dei vil etterforske kva som kan ha skjedd.

SISTE NYTT

Siste nytt