Hopp til innhold

Liste med namn frå Jeffrey Epstein-sak er offentleggjort

Ei lang liste med personar nemde i rettsdokumenta knytt til den døde overgrepsdømde milliardæren Jeffrey Epstein er offentleggjort natt til torsdag.

Demonstranter i New York holder opp bilder av finansmannen Jeffrey Epstein i 2019

Då Jeffrey Epstein blei fengsla i 2019, demonstrerte fleire unge mot finansmannen i New York.

Foto: Shannon Stapleton / Reuters

Natt til torsdag blei lista offentleggjort. Prins Andrew, Bill Clinton og Donald Trump blir nemnd i dokumenta.

Omgangskrinsen til Jeffrey Epstein var i fleire år kjendisar, næringslivstoppar, politikarar og kongelege.

Dei var gjestar og deltok på festar han arrangerte i heimane sine i New York, Florida og New Mexico, og på ei øy han eigde i Det karibiske hav.

Øya blei kalla «Pedofiløya» eller «Syndas øy» av dei lokale.

Bygningene på Little St. James Island, øya på De amerikanske jomfruøyer som Jeffrey Epstein eide.

Eigedommen til Jeffrey Epstein på den karibiske øya Little St. James.

Foto: MARCO BELLO / Reuters

I 2008 sona Epstein 13 månader i fengsel for hallikverksemd, etter å ha vedgått at han hadde lagt til rette for prostitusjon av ein mindreårig.

I 2019 blei han gripen på nytt, sikta for overgrep mot fleire mindreårige. Han tok livet sitt i cella medan han venta på rettssaka. Han blei 66 år gammal.

Epsteins tidlegare kjæraste Ghislane Maxwell blei i 2022 dømd til 20 år i fengsel for menneskehandel.

Les også Rettsavgjerd kan vere dårleg nytt for prins Andrew

Prins Andrew

Offentleggjer liste

Ei av kvinnene som skal ha blitt utnytta av paret, er Virginia Giuffre. Ho seier ho blei utsett for seksuelle overgrep då ho var 17 år i 2001.

I ei vitneforklaring sa Giuffre at ho hadde sex med fleire politikarar og finanstoppar, etter press frå Maxwell og Epstein.

Virginia Giuffre saksøkte Ghislane Maxwell i 2015. Dei blei samde om eit forlik i 2017.

No frigir ein domstol i New York dokumenta i søksmålet. Her blir 187 personar nemnde anonymt. Men når dokumenta blir gjort offentlege, blir også dei verkelege namna gjort kjende.

Personane ei blanding av folk som blir skulda for å ha gjort noko gale, folk som kjem med skuldingar, og folk som var vitne til lovbrot. Enkelte namn er vitne spurt om i avhøyr.

Ifølge BBC er det ingen store overraskingar i dei første 900 sidene som er frigjorde. Men fleire dokument er venta dei nærmaste dagane.

Fleire av namna på lista er allereie identifisert gjennom medieomtale, opplyste dommaren Loretta Preska, skriv BBC.

Enkelte av personane som blir nemnde er no døde, skriv Axios. Og enkelte namn, blant anna offer som var under 18 år, blir framleis halde anonyme, skriv CNN.

Virginia Roberts Giuffre holder pressekonferanse utenfor en rettsbygning i New York etter at finansmannen Jeffrey Epstein døde i fengsel. Giuffre sier hun ble utsatt for seksuelle overgrep av Epstein.

Virginia Giuffre held pressekonferanse i New York etter at Jeffrey Epstein blei funnen død i fengsel i 2019.

Foto: Bebeto Matthews / AP

Prinsen nemnd

Blant namna på lista er prins Andrew, som er skulda for seksuelle overgrep av Giuffre. Han mista titlar og blei friteken for kongelege oppgåver på grunn av skuldingane.

Den britiske prinsen nektar for å ha gjort noko gale, men gjorde eit forlik med Giuffre i 2022.

Giuffre har og namngjeve ein hedgefondeigar, ein kjend forretningsmann og milliardær og ein no avdød tidlegare guvernør. Alle har nekta for skuldingane.

PRINS ANDREW OG Virginia Giuffre fotografert i leiligheten til Ghislaine Maxwell i London i 2001.

Prins Andrew og Virginia Giuffre fotografert i husværet til Ghislane Maxwell i London i 2001.

Foto: Privat / BBC

Mange spekulasjonar

Fleire medium har spekulert på kven som er omtala. Blant andre blir Microsoft-grunnleggar Bill Gates og skodespelar Kevin Spacey nemnde.

Ifølge ABC News dukkar namnet til USAs tidlegare president Bill Clinton opp over 50 gongar i dokumenta, utan at han blir skulda for noko ulovleg.

Bill Clinton deltar på et arrangement i New York 4. mai 2023.

USAs tidlegare president Bill Clinton skal vere blant namna som står på lista.

Foto: Evan Agostini / AP

Clinton reiste med flyet til Epstein på humanitære reiser i Afrika i starten av 2000-talet.

Men ifølge rådgjevarane hans kutta Clinton banda til Epstein før han blei etterforska, og difor ikkje kjenner til brotsverka finansmannen skal ha gjort. Clinton-rådgjevarane seier at ekspresidentens livvakter var med på alle turane.

Tidlegare president Donald Trump står og på lista. Han var ven med Epstein på 1990-talet og dei vart avbilda saman i ulike samanheng.

I eit intervju med New York magazine i 2002 fortalde Trump at Epstein var artig å vere saman med og at Epstein som han sjølv sette pris på vakre kvinner. Trump kommenterte at mange av kvinnene var av den yngre sorten, og at Epstein sette pris på sitt sosiale liv.

I 2019, etter at Epstein var arrestert, sa Trump at han ikkje hadde snakka med Epstein på 15 år da dei hadde vorte usams. Og at dei kjende kvarandre på grunn av dei begge hadde feriehus i Palm Beach i Florida.

Som Clinton er Trump ikkje skulda for noko ulovleg.

Prins Andrew og tidligere president Donald Trump avbildet sammen i juni 2019, under Trumps besøk i Storbritannia.

Prins Andrew og tidlegare president Donald Trump saman i juni 2019, under Trumps president-besøk i Storbritannia.

Foto: AP

Popstjerne og tryllekunstnar

Den avdøde popstjerna Michael Jackson er og namngjeve, han skal ha besøkt Epstein i hans herskapsbustad i Palm Beach. Det same skal magikaren David Copperfield ha gjort.

Den kjende franske modellagenten Jean-Luc Brunel er nemnd fleire gonger. Brunel dreiv eit modellbyrå med finansiering frå Epstein.

Franskmannen var skulda for seksuelle overgrep gjennom tre tiår og tok som Epstein livet sitt i ei fengselscelle medan han venta på rettssak.

Les også To store overgrepssaker ryster moteverdenen

Jean-Luc Brunel (t.v.) og Peter Nygård (t.h.) er begge blitt arrestert denne uken.

SISTE NYTT

Siste nytt