Liberalerna med grønt lys til Löfven-regjering

Partileiinga i Liberalerna og riksdagsgruppa seier ja til at Stefan Löfven får halde fram som statsminister i Sverige.

Partileiar Annie Löof i Centerpartiet.

Centerpartiet vil støtte ei regjering leidd av Stefan Löfven frå Socialdemokraterna, men vil framleis vere eit opposisjonsparti, seier partileiar Annie Lööf.

Foto: Claudio Bresciani/tt / NTB scanpix

Det kunngjorde Björklund på ein pressekonferanse laurdag ettermiddag, melder SVT.

Partileiinga har i si innstilling bede partirådet om å stille seg bak avgjerda søndag. Leiinga røysta for Löfven som statsminister med 17 mot 8 røyster.

Ikkje førsteval

Det høgste organet i svenske Centerpartiet har med stort fleirtal gått inn for å støtte Stefan Löfven som statsminister i Sverige. Partiet vil likevel ikkje gå inn i regjeringa.

56 delegatar røysta for ein avtale med Socialdemokraterna, medan berre to røysta mot. partileiar Annie Lööf gjorde det på ein pressekonferanse i ettermiddag det klart at ei Stefan Löfven-regjering ikkje er partiet sitt førsteval, men at det slik situasjonen er no, så er det einaste moglege alternativet.

Partiet har gjort ein avtale med Socialdemokraterna, Miljøpartiet og Liberalerna om ein politisk plattform. Spørsmålet om regjeringssamarbeidet om regjeringssamarbeidet vil bli avgjort i ei avrøysting i Riksdagen førstkomande onsdag.

Det er meininga av Socialdemokraterna og Miljøpartiet skal danne regjering, medan dei to andre partia blir støtteparti i Riksdagen.

– Liberalt opposisjonsparti

Stefan Löfven.

Centerpartiet vil støtte ei regjering leidd av Stefan Löfven frå Socialdemokraterna.

Foto: Jessica Gow/tt / NTB Scanpix

Annie Lööf gjer det klart at Centerpartiet framover kjem til å vere eit liberalt opposisjonsparti, trass i avtalen med Socialdemokraterne. Ho brukte uttrykket å vere «ein liberal nagl i auget på Socialdemokraterna».

Ho ser føre seg at partiet i ein del saker, til dømes i utanriksspørsmål, kan kome til å røyste saman med Moderaterna og Kristdemokraterna. Ho er klar på at ho ikkje er interessert i at Vänsterpartiet skal få meir innverknad på svensk politikk, men at dei heller ikkje kan støtte ei regjering som må støtte seg på Sverigedemokraterna.

Löof seier ho har tillit til Stefan Löfven at han held det han har lova, men ho understrekar at samarbeidet blir ei eldprøve på korleis sosialdemokratane ser på andre parti.

Søndag skal det øvste organet i Liberalerna avgjere om partiet skal støtte ei regjering leidd av Stefan Löfven. Motstanden mot å samarbeide med Socialdemokraterna er stor internt i partiet, så det knytt stor spenning til utfallet av møtet.

Dette er avtalen mellom dei fire partia

Steile frontar

Leiarane i nettopp Moderaterna og Kristdemokraterna har gått hardt ut mot Centerpartiet for å ville støtte ei regjering leidd av Stefan Löfven. Leiar i Moderaterna, Ulf Kristersson, kallar vedtaket i Centerpartiet for eit historisk mistak.

– Eg er sjeldan forbanna, men dette er ei svært dårleg avgjerd, sa han på ein pressekonferanse i går. Han slår fast at den borgarlege Alliansen no er øydelagt.

Sara Skyttedal i Kristdemokraterna gjekk endå hardare ut og kalla Centerpartiet for juksemakarar, svindlarar og til og med quislingar. – Vi kjem ikkje til å gløyme dette, skreiv Skyttedal på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Politisk kaos i Sverige: – Nærmer seg nyvalg

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt