Hopp til innhold

Lauslatne gislar ber om at fleire blir sett fri: – Krigen held fram, seier Netanyahu

Elena Trufanov vart denne veka sleppt fri frå Hamas sitt fangenskap, men ikkje sonen hennar. Hamas krev våpenkvile for å sleppe fri fleire, men Netanyahu seier krigen held fram.

Elena Trufanov

Elena Trufanov vart sett fri onsdag 29. november. Mannen hennar blei drepen av Hamas, medan sonen Sasha framleis er halden som gissel.

Foto: Athit Perawongmetha / Reuters

– Vi må få henta ut sonen min Sasha no, sa Elena Trufanov.

Ho har vore gissel saman med mor si og sonen sin sidan dei vart kidnappa 7. oktober, ifølgje Hareetz.

Denne veka slapp Elena og mor hennar Irena fri. Men sonen Sasha er framleis igjen.

Frigitt gissel frå Hamas

Irena Tati, mor til Elena, sleppte også fri denne veka. No håpar ho barnebarnet blir lauslaten.

Foto: Athit Perawongmetha / Reuters

Fleire av dei lauslatne gislane som Hamas tok 7. oktober samla seg i kveld i Tel Aviv. Også pårørande møtte opp på det israelske forsvaret sitt hovudkvarter. Ifølgje Reuters var titusenvis til stade.

Dei krev at fleire gislar må sleppe fri.

Hadas Kalderon var på plass då folket samla seg i kveld. Laurdag fekk ho tilbake barna sine Erez og Sahar.

– Eg har blanda kjensler, sorg og lykke. Eit mirakel skjedde med, og eg håper at eit mirakel skjer med alle dykker.

Ho kalla barna sine superheltar og sa at dei skreik då dei såg henne. Dei var sikker på ho var drepen.

– Mamma, lever du?, sa dei.

Hadas Kalderon

Hadas Kalderon sine to barn og faren deira vart tekne som gislar av Hamas. Biletet er tatt 30.okotber.

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters

Laurdag ettermiddag trekte Israel seg frå avtalane med qatarske meklarar, ifølgje Reuters. Dermed er det lite som tydar på fleire gisselutvekslingar.

Slektningar og vener av gislar heldt fanga på Gazastripa ber om lauslatelse.

Slektningar og vener av gislar heldt fanga på Gazastripa ber om at gislane blir sett fri. Fleire tusen samla seg i dag i Tel Aviv.

Foto: Ariel Schalit / AP

Seinare laurdag heldt den israelske statsministeren, Benjamin Netanyahu, ein pressekonferanse der han las opp fleire av namna til dei gislane som til no har blitt sleppt fri.

– Vi er glade for dei som er tilbake, men triste for dei som vart brutalt drepne og dei som framleis er i Gaza.

Les også Hamas-angrepet på Israel

– Langsiktig krig

Statsministeren var tydeleg på at krigen held fram:

– Bakkeoperasjonen er nødvendig for å oppnå måla våre, nemleg å få tilbake gislane og eliminere Hamas.

Det var lite som tyda på våpenkvile i talen til statsministeren. Han var tydeleg på at krigen held fram.

– Dette er ein langsiktig krig, men vi vil vinne denne krigen til slutt.

Benjamin Netanyahu

Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu.

Foto: EMMANUEL DUNAND

Kampane held fram

Hamas seier dei siste gislane ikkje blir sett fri før det kjem ei ny våpenkvile, og alle palestinske fangar i israelske fengsel blir sett fri.

Det seier nestkommanderande i Hamas' politbyrå, Saleh al-Arouri, i eit intervju med Al Jazeera.

– La krigen gå sin gang. Denne avgjerda er endeleg, vi inngår ikkje kompromiss.

Ifølgje han er gislane dei framleis held på israelske soldatar og sivile menn som tidlegare har tenestegjort i det israelske militære. Det israelske militæret seier det skal vera snakk om 136 gislar.

Men den israelske forsvarsministeren Yoav Gallant seier ifølgje Al Jazeera at det blant gislane skal vera 17 kvinner og barn.

Hamas' representative, Saleh al-Arouri

Saleh al-Arouri er nestkommanderande i Hamas sitt politibyrå.

Foto: Nariman El-Mofty / AP

Samstundes har det i løpet av dagen kome meldingar om kraftige kampar på Gazastripa.

Israelske medium meldte om kraftige kampar på bakken i Khan Younis-området, etter etterretningsopplysningar om at personar i Hamas-leiinga skal ha opphalde seg der.

Det vart også meldt om kampar i Gaza by og nord på Gazastripen, ifølgje Times of Israel.

Forhandlar i Qatar

I overkant av hundre gislar vart sett fri i løpet av den sju dagar lange våpenkvila som blei broten fredag. Laurdag reiste den israelske delegasjonen heim frå forhandlingane i Qatar.

Sjølv om Israel har henta heim delegasjonen held samtalane fram i Qatar, ifølgje ei kjelde med kjennskap til forhandlingane. Det melder Reuters, men påstanden har ikkje blitt bekrefta frå andre hald.

Kjelda seier at qatarske forhandlarar framleis er i kontakt med representantar for den israelske etterretningstenesta Mossad.

Les også Qatar: Våpenkvila forlenga med to dagar

RycsgZk9uaE

Opp mot 60 nordmenn på veg ut

Laurdag kveld vart det også klart at nærare 60 nordmenn får kome ut av Gaza i morgon.

Det stadfesta utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) til NRK.

– Vi har i dag fått stadfesta frå alle involverte partar at oppunder 60 nordmenn som er igjen i Gaza får lov å reise heim i morgon og at grensa skal vere open.

I skrivande stund er det fleire nordmenn igjen i Gaza enn dei nærmare 60 som er på lista.

Han seier dei mellom anna har jobba via Qatar, også no medan dei er i Dubai, der mange av partane er til stades.

– Er det sikkert at alle som er igjen og som ynsker det får koma ut i morgon?

– Det kan vere nokre få som framleis ikkje er komne på lista, men vi jobbar med det.

Espen Barth Eide i Dubai

Espen Barth Eide under årets klimatoppmøte i Dubai.

Foto: Lars Nehru Sand / NRK

SISTE NYTT

Siste nytt