Hopp til innhold

Qatar: Våpenkvila forlenga med to dagar

Våpenkvila er forlenga i to dagar, og nye israelske gislar er på veg ut av Gaza. Likevel er inga varig våpenkvile i sikte, trur forskar Marte Heian-Engdal.

RycsgZk9uaE

Khalil Zama' er éin av dei palestinske fangane som i samband med våpenkvila har vorte lauslatne frå israelske fengsel. Her klemmer han mora si i heimbygda Halhul på Vestbreidda.

Foto: HAZEM BADER / AFP

Våpenkvila på Gazastripa er på sin fjerde dag og det som skulle vera siste dagen.

Både Qatars utanriksdepartement og Hamas bekreftar måndag kveld at våpenkvila utvidast med to dagar. Det melder Reuters.

– Vi har blitt einige om ein avtale med brørne i Qatar og Egypt for å utvide den mellombels våpenkvila med to dagar, med same vilkår som førre våpenkvile, seier ein talsperson i Hamas på telefon til byrået.

Avtalen om våpenkvila innebar mellom anna at fleire lastebilar med naudhjelp skulle inn til dei kring 2,4 millionar innbyggarane i Gaza.

Maayan Zin klemmer døtrene sine, Dafna Elyakim (15), og Ela Elyakim (8) etter at de ble løslatt fra fangenskap 26. november 2023.

Maayan Zin klemmer døtrene sine, Dafna Elyakim og Ela Elyakim etter at dei vart lauslatne frå fangenskap i går.

Foto: TELEGRAM/PRIVAT

Ikkje minst skulle 50 israelske gislar verta lauslatne mot 150 palestinske fangar i israelske fengsel.

Men sundag bad Hamas om at våpenkvila vert forlenga, i bytte mot at fleire gislar vert frigitte. Måndag kveld er 11 israelske gislar kome fram Israel, melder Haaretz.

Det er likevel langt mellom ei slik forlenging og ei varig våpenkvile, understrekar forskar ved NOREF og forfattar Marte Heian-Engdal.

Marte Heian -Engdal

Forskar Marte Heian-Engdal seier ei utviding av våpenkvila ikkje er usannsynleg, men har lite tru på ho vert varig.

Foto: Mats Bakken/NOREF

– I beste fall skjer ei kortsiktig utviding, og så kjem krigen til å starta opp igjen i fullt monn. Det trur eg er mest sannsynleg, seier ho til NRK.

Nærmar seg avtale om forlenging

Israel har tidlegare i dag svart Hamas med å visa til den originale avtalen om at for kvart tiande israelske gissel utanom dei 50, skal våpenkvila utvidast med éin dag til.

Måndag føremiddag opplyste egyptiske myndigheiter at Egypt og Qatar nærmar seg ein avtale som vil forlenga våpenkvila med to dagar.

Derson avtalen vinn igjennom, vil ytterlegare 20 gislar og 60 palestinske fangar verta lauslatne.

Press på Israel

Israel har møtt aukande press frå verdssamfunnet og statsleiarar som ber om at våpenkvila vert forlenga.

USAs president Joe Biden, som sidan krigsutbrotet har stått ved Israel si side, er ein av dei som har teke til orde for ei forlenga våpenkvile.

– Målet vårt er at den humanitære pausen varer lenger enn til måndag, slik at me kan sjå til at fleire gislar kjem ut og at meir naudhjelp kjem inn, sa Biden.

Netanyahu i Gaza.

Sundag var statsminister Benjamin Netanyahu i Gaza for å møta israelske soldatar, der han mellom anna sa at krigen ikkje er over før Israel tek sigeren.

Foto: Avi Ohayon / AP

Samstundes ber EUs utanrikssjef Josep Borell om at våpenkvila vert utvida og gjort berekraftig, slik at ein parallelt kan jobba fram mot ei politisk løysing.

Også FNs generalsekretær Antonio Gueterres ber om ei full våpenkvile i staden for ei mellombels våpenkvile «til fordel for folket i Gaza, Israel og i regionen elles.»

Men ifølgje Heian-Engdal er inga varig våpenkvile i sikte.

– Den krevjande bakkeoperasjonen vil halda fram med uforminska styrke. Gislane er ein bit av likninga, medan det andre, militære målet er å viska ut Hamas som militær kraft og styringsstruktur, seier Heian-Engdal.

– Har gått etter planen

Førebels er det i dag venta at dei siste 11 av dei 50 israelske gislane skal lauslatast.

Al-Jazeera og andre nyheitsbyrå melder at Israel og Hamas skal ha innvendingar mot namna på listene, og at dette har forseinka prosessen.

Så langt har Hamas lauslate 39 israelske og 20 utanlandske gislar. 117 av dei 150 palestinske fangane, kvinner og born, er også lauslatne.

Heian-Engdal seier dei siste par dagane i Gaza har gått meir eller mindre etter planen.

– Det har vore trefningar, men at trefningane ikkje har ført til større brot, viser at det er stor vilje hjå begge partane til å gjennomføra den humanitære pausen og fangeutvekslinga.

SISTE NYTT

Siste nytt