Hopp til innhold

I underkant av 60 norske borgarar i Gaza ut i morgon

I morgon kan nærmare 60 norske borgarar i Gaza sleppast ut. Det bekreftar utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) til NRK.

– Me har i dag fått stadfesta frå alle berørte partar at oppunder 60 nordmenn som er igjen i Gaza får lov å reise heim i morgon og at grensa skal vere open.

I skrivande stund er det fleire nordmenn igjen i Gaza enn dei nærmare 60 som er på morgondagen si liste.

Utanriksministeren seier det er ei nyheit han nyleg fekk veta, og understrekar at det er ei god nyheit.

Han seier dei mellom anna har jobba via Qatar, også nå medan dei er i Dubai, kor mange av partane er tilstade.

– Me er nå i kontakt med dei det gjeld for å informera at dei kan reisa til Rafah og koma seg over, dersom det er praktisk mogleg og dersom dei ynsker.

Er det sikkert at alle som er igjen og som ynsker det får koma ut i morgon?

– Det kan vera nokre få som framleis ikkje er komne på lista, men me jobbar med det.

Kan det skje ting i løpet av dei næraste timane som gjer at dette går i vasken?
– Ja, det trur eg me skal vera ærlege om. Sjølv om me har denne avtalen med alle som bestemmer, kan mykje skje, det er ein krevjande situasjon.

NRK skreiv tidlegare at dei siste nordmennene som var i Gaza slepp ut, men utanriksministaren presiserte i intervjuet at det framleis skal vera nordmenn igjen som per nå ikkje er på UDs liste over dei som kjem ut i morgon.

Espen Barth Eide i Dubai
Foto: Lars Nehru Sand / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no