Hopp til innhold

Kurdiske krigarar strøymer til Kobani

Etter at Tyrkia i førre veka opna grensene sine inn til Syria vert kurdiske krigarar no sendt gjennom Tyrkia for å kjempe i den syriske borgarkrigen. Kampane i den viktige grensebyen Kobani er framleis harde.

IRAQ-SYRIA-CONFLICT-US-KURDS-KOBANE

Fleire bilar med kurdiske krigarar er på veg mot Kobani i Syria. Her er dei på veg gjennom den irakiske byen Erbil.

Foto: SAFIN HAMED / Afp

TOPSHOTS-TURKEY-SYRIA-CONFLICT-KURDS

Det går føre seg beinharde kampar i byen Kobani, på grensa mellom Syria og Tyrkia.

Foto: STR / Afp
TURKEY-SYRIA-CONFLICT-KURDS

Mange har flykta frå kampane i Kobani. Særskild barn og kvinner har stratuma inn i Tyrkia.

Foto: BULENT KILIC / Afp

Kurdiske styrker kjemper hardt mot islamistgruppa Den islamske stat (IS) i Kobani, som på arabisk går under namnet Ayn al-Arab. I byen bur det vanlegvis ein god del kurdarar, men den siste tida har mange flykta på grunn av IS sine herjingar rundt byen.

Byen ligg heilt på grensa til Tyrkia, og tyrkiske styresmakter har opna grensene for mange av dei flyktningane som har kome frå Syria og treng tilflukt. Men fram til i førre veke stengde derimot Tyrkia grensene for dei som ville motsett veg.

– Ikkje problem at dei kryssar

Kurdarar har lenge skulda Tyrkia for å ville støtte IS, og at det også var ein av grunnane til at Tyrkia hindra folk frå å reise inn att i Syria for å krige. Historisk er også banda mellom tyrkiske styresmakter og kurdiske organisasjonar særs spente.

Men no strøymer det kurdiske krigarar gjennom Tyrkia, på veg frå Irak til Syria. Etter at grensa vart opna har kurdiske styresmakter sendt fleire av sine Peshmerga-krigarar mot Kobani.

– No er det ikkje lenger eit politisk problem. Det er ikkje noko problem at dei kryssar, sa Tyrkias utanriksminister, Mevlut Cavusoglu, ifølgje nyheitsbyrået Anatolia.

Tyrkia har sjølve sagt at det ikkje er aktuelt å delta i kampane i Syria på det noverande tidspunkt. Dei vil berre bli med i ein USA-leia operasjon som også går til angrep på styrkane til Syrias president, Bashar al-Assad.

– Skal hjelpe våre brør

Så langt er meir enn 800 menneske drepne i kampane om Kobani, men kampen om byen er framleis hard. Ifølgje ein talsmann for syrisk-kurdiske grupper kontrollerer IS framleis 40 prosent av byen, trass gjentakande luftangrep mot IS-mål i og rundt byen.

Ein talsmann for kurdiske styrker seier ifølgje CNN at det er godt utstyrte soldatar som no reiser inn i Syria.

– Det vil vere til god hjelp for våre brør i Kobani, sa talsmannen som ville vere anonym.

SISTE NYTT

Siste nytt