- Dette kan vi ikkje akseptere, sa Erdogan til tyrkisk fjernsyn under NATO-toppmøtet i Riga i dag.
Tidlegare i dag gjorde EU-kommisjonen det klart at organisasjonen vil delvis innstille samtalane om eit tyrkisk medlemskap i organisasjonen.
Dette er ein direkte reaksjon på at Tyrkia ikkje vil opne hamnene sine for skip frå Kypros.
Kommisjonen seier i ei fråsegn at det ikkje er snakk om eit forhandlingsbrot, men ein suspensjon på seks til ni ulike emneområde i medlemskapsforhandlingane. Det blir forhandla på i alt 35 emneområde.
Storbritannias statsminister Tony Blair åtvarar EU-kommisjonen mot å sende negative signal til Tyrkia.
- Å sende eit negativt svar til Tyrkia no vil etter mi meining vere ein alvorleg feil, sa Blair til journalistar under NATO-toppmøtet i Riga i dag. Blair blir rekna for ein av dei sterkaste støttespelarane for Tyrkia i EU-systemet.
Frankrikes president Jaques Chirac, som også deltek på toppmøtet i Riga, seier at han støttar EU-kommisjonen si avgjerd.
- Det verkar klart at Tyrkia ikkje har halde sin del av avtalen. Då har ikkje EU noko anna val enn å la dette få konsevensar for medlemskapsforhandlingane, seier Chirac.