Hopp til innhold

Krigsskip i Oslo: – Hadde det ikkje vore for Russland, ville det neppe vore her

Forskarar trur at grunnen til at USA har valt å besøke Oslo, er ønske om å vise nærvær i Arktis.

Hangarskip-festningen (edit)

Krigsskipet skal ligge i Oslo i fire dagar.

Foto: Tom Balgaard/NRK

Det amerikanske krigsskipet segla i dag inn Oslofjorden, til fleire hundre tilskodarar på kaia. Det er flyforbod over området, og publikum må halde 500 meter avstand. Skipet skal ligge der i fire dagar, før det reiser vidare.

Eit mannskap på over 4500 skal øve saman med norsk forsvar.

Men kvifor har den amerikanske marinen valt akkurat Noreg?

– Hadde det ikkje vore for Russland, ville dette skipet neppe vore i Oslo, seier Andreas Østhagen, seniorforskar ved Fridtjof Nansens Institutt.

Andreas Østhagen

Andreas Østhagen i Fridtjof Nansens institutt trur USA har valt å besøke Noreg på grunn av Arktis.

Foto: Oslo Nye Høyskole

Han viser til at Russland har militære styrker i Arktis. Det har også Noreg.

– USA har auka interesse for Arktis, kor Russland er leiande, seier han.

Demonstrasjon av evne

Russlands ambassade kallar det heile for ein maktdemonstrasjon.

Østhagen kallar det for eit motsvar på russisk nærvær, og at dei har seg sjølv å takke.

– USA signaliserer evne til å bruke makt. Dei viser styrke, og dei vil vise fram eit stort skip, seier han.

USS «Gerald R. Ford» i Oslofjorden.

Verdas største krigsskip, USS «Gerald R. Ford», tok turen til Oslo:

Foto: Onar Digernes Aase / Forsvaret

Arktis er eit hav- og landområde, kor åtte land har territorium. USA, Noreg og Russland er tre av dei.

Men kvifor er USA interessert i å vise nærvær i Arktis?

Tor Ivar Strømmen, forskar i sjømaktsteori i Forsvaret, seier at USA i høgste grad har interesse i Arktis, og forklarar kvifor:

– Det einaste som kan øydelegge USA militært, på kort sikt, er Russland.

Orlogskaptein og forsker ved Sjøkrigsskolen Tor Ivar Strømmen

Tor Ivar Strømmen i Forsvaret trur Noregs plassering har noko å seie for kvifor verdas største krigsskip kjem til Oslo.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Ruta til krigsskipet er hemmeleg. Viss det segler opp mot Arktis, trur Strømmen at Russland vil reagere:

– Viss hangarskipet skal reise mot Arktis, vil Russland kunne reagere med å sende eigne fartøy og ubåtar, og vise at dei har kapasitet til å svare. Dei vil truleg opptre relativt aggressivt for å markere seg.

Meiner Noreg har viktig rolle

Østhagen er ikkje aleine om si oppfatning.

Tom Røseth, hovudlærar for etterretning ved Forsvarets høgskole, meiner skipet no signaliserer ein ting: makt. Militær makt.

– Det sender eit signal om å skremme russarane. Det sender også eit signal om at vi er i ein alvorleg situasjon, med krig i Europa, seier Røseth.

Tom Røseth står foran en grønn tuja-hekk. Han har hvit skjorte, grå jakke og et gråblått skjerf som henger løst. Han ser inn i kameraet og rynker pannen. Han har grått, krøllet hår.

Tom Røseth, hovudlærar for etterretning ved Forsvarets høgskole.

Foto: Trygve Heide

Han meiner skipet no har kasta anker utanfor hovudstaden mykje grunna Noregs geopolitiske rolle. Han trur den har blitt viktigare og meir sentral.

– Noreg vil bli viktig i Nato-samanheng ved ei potensiell krise, krig eller konflikt. Forsterkingar må bli sendt til medlemslandet Finland, og mogleg Sverige i framtida, via Noreg. For Østersjøen vil ein ikkje kunne nytta, seier han.

Les også No kjem dei amerikanske soldatane: – Gler meg til å smake norsk mat

Anonym amerikansk soldat

– Så her viser USA at dei kan vere kjapt på plass?

– Ja, dei viser makt. Når amerikanarane er så framoverlent, så må kanskje russarane lene seg litt tilbake. Kanskje trekke tilbake dei store bjørnelabbane sine. I alle fall for ei periode, meiner Røseth.

Raudt kritisk til å gi USA forsvarsoppgåver

Bjørnar Moxnes i Raudt meiner det er viktig at land klarar å forsvare seg sjølv, og viser til at fleire forsvarsoppgåve blir gitt til amerikanarane:

– Viss fleire oppgåver blitt gitt til amerikanarane, kan det auke spenninga i nord.

Luftfoto av hangarskipet USS Gerald R. Ford

Det amerikanske skipet har vanlegvis base i Virginia i USA.

Foto: Politihelikopteret

Moxnes meiner at dette må snu. Om besøket, seier han dette:

Det som besøket aktualiserer, er at vi må styrke vårt eige forsvar.

Positivt for Noreg

Statsminister Jonas Gahr Støre ønsker allierte velkomen til å øve i norsk farvatn:

– Det at fartøyet er på besøk i Oslo og øver med våre fartøy, samt viser seg i Nato – det er ikkje berre et symbol, men eit materielt uttrykk for at USA er på havet, seier Støre til NTB.

Høyr også:

SISTE NYTT

Siste nytt