NRK Meny
Normal

Kraftig jordskjelv i Nord-Italia

Minst seks personar skal ha omkomt i jordskjelvet nord i Italia i natt. Redningsmannskap jobbar på spreng for å redde ut menneske som er fanga inne i samanraste bygningar.

QUAKE-ITALY/ Destroyed cars are seen in the rubble after an earthquake in Finale Emilia

ØYDELAGT: Det kraftigaste jordskjelvet i Italia på tre år gjorde store materielle skader.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Fleire menneske mista livet då dei jobba nattevakt på forskjellige fabrikkar i området, medan ein mann som er stadfesta omkomen var i ein verkstad som rasa saman nær byen Ferrara.

Jordskjelv i Italia

ØYDELAGT: Folk samlar seg i gatene framfor den skadde Tow Hall-bygningen på Sant Agostino etter jordskjelvet.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

100 år gamal kvinne døydde av sjokk

I Cascal døydde ei 37 år gamal tysk kvinne fordi ho ikkje fekk puste – truleg var dette eit angstanfall utløyst av jordskjelvet.

Ei 100 år gamal kvinne blei funnen død i Sant'Agostino. Sannsynlegvis har ho døydd av sjokk, melder nyheitsbyrået Ansa.

– Ingen nordmenn skadde

– Det vi har fått opplyst frå vår ambassade i Roma er at det er så langt fire omkomne og om lag femti skadde i jordskjelvet, seier pressevakt i UD, Svein Mikkelsen søndag føremiddag.

Seinare på dagen blei dødstalet oppjustert til seks personar.

Det har så langt ikkje kome inn meldingar om skadde eller sakna nordmenn, men utanriksdepartementet følgjer situasjonen nøye.

– Ambassaden i Roma og konsulatet i Bologna har tett kontakt med italienske myndigheiter og vi står klare til å motta samtalar direkte frå nordmenn som måtte vere i området, seier Mikkelsen.

Men det er umogleg å seie sikkert.

– Det er sjølvsagt ein heil del nordmenn som er i Italia til ein kvar tid, og vi er avhengige av rapportar vi får frå italienske myndigheiter og nordmenn som måtte ringe oss direkte, seier Mikkelsen.

Historiske bygningar øydelagde

QUAKE-ITALY/ Rescue workers patrol in front of a ceramics factory building which was damaged after an earthquake on Sant' Agostin

Redningsarbeidarar patuljerar framfor ein keramikkfabrikk som blei skada etter jordskjelvet.

Foto: STRINGER/ITALY / Reuters

Dei første TV-bileta frå jordskjelvet viser store skadar på historiske bygningar og anlegg.

Delar av ei historisk festning i ein by har rast saman, melder nyheitsbyrået Reuters.

NRKs reporter Lisbeth Skei er i Bologna, og vakna midt på natta av at hotellet byrja å riste kraftig.

– Eg vakna like etter klokka fire av at det var vanskeleg å ligge rolig, og eg tenkte med ein gong at det måtte vere eit jordskjelv, seier Skei.

Ein baby blei redda ut i live

Jordskjelvet har massiv TV-dekning i Italia, og ifølgje italienske medium går redningsarbeidet etter planen.

– Redningsarbeidarar søker etter folk inne i bygningane, og mellom anna skal det ha blitt redda ut ein baby i live, medan ei kvinne på 37 år døydde av hjarteinfarkt då ho blei redda ut, seier Skei.

Konsekvensar for togtrafikken

Togtrafikken skal vere lamma som følgje av det kraftige jordskjelvet.

– Eg gjekk på togstasjonen for å spørje etter ein billett til den hardt ramma byen Ferrara, og då såg mannen i luka berre rart på meg, så toglinjene er nok ikkje opne, seier Skei.

Fleire etterskjelv

Tusenvis av menneske strøymde ut i gatene i området etter skjelvet, som kunne merkjast i byane Bologna, Modena, Ferrara, Rovigo, Verona og Mantua. Skjelvet skal ha vart i om lag 20 sekund.

Ei rekkje etterskjelv ramma området, og myndigheitene måtte be innbyggjarane om å halde seg heime.

Artikkelen held fram under klippet:

Video Kraftig jordskjelv i Nord-Italia

SJÅ KLIPPET: Dagen deretter i Nord-Italia.

Rop om hjelp

Det er kome meldingar om eit tak som har rast saman i Sermide, ein liten by mellom Bologna og Verona. Folk på staden har høyrt ei kvinne rope om hjelp inne frå den øydelagde bygningen.

Også i området ved byen Bondeno skal folk ha blitt innesperra. Ei kjelde i brannvesenet fortel om folk som har fått samanraste konstruksjonar over seg.

Ein reporter frå nyheitsbyrået Reuters fortel at folk i Bologna vart vekkte av jordskjelvet like etter klokka fire, men at byen raskt fall til ro igjen. Det er ikkje meldt om skader i Bologna.

Kraftigaste på tre år

Skjelvet hadde ei styrke på 6 og vart løyst ut forholdsvis nær jordoverflata, ifølgje US Geological Survey. Episenteret låg 35 kilometer nordvest for Bologna. Skjelvet er målt til å vere det kraftigaste i Italia på tre år.

LES: Store ødeleggelser etter jordskjelv

LES: Nytt jordskjelv rammer Italia

Førre gong eit stort jordskjelv ramma Italia, var i 2009, då nesten 300 menneske omkom.

Ifølgje italienske medium er det venta eit nytt jordskjelv før klokka seks i ettermiddag.

.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt