Hopp til innhold

Kjøtetande bakterie skaper frykt blant badande

Den kjøtetande bakterien Vibrio vulnificus har skapt frykt blant badande på strendene ved Mexico-golfen. Det finst ikkje offentleg statistikk over infeksjonar, men minst 12 er ramma berre i Texas, ifølgje fleire nyheitsmedium.

Caladesi Island nasjonalpark.

Den kjøtetande bakterien Vibrio vulnificus har skapt frykt blant badande på strendene langs Mexicogolfen. Her frå Caladesi Island på vestkysten av Florida.

Foto: Craig Litten / Ap

Dei flotte strendene langs golfkysten, som strekkjer seg frå Texas, via Louisiana, Mississippi og Alabama til Florida, er freistande for både ferierande og fastbuande i dei varme sommarmånadene. Men mediemerksemd rundt den kjøtetande bakterien har fått mange til å tenkje seg om før dei hoppar i havet.

Ifølgje den britiske avisa The Guardian kan frykta for bakterien samanliknast med frykta for haiangrep. Det skjer ikkje ofte, men når det skjer er det sannsynleg at offeret kan misse ein kroppsdel eller misse livet.

– Farleg å bade med opne sår

Farlig tropisk bakterie i sjøen

Oljeutsleppet i 2010

Vibrio vulnificus stortrivst i det varme vatnet i Mexico-golfen, men helsestyresmaktene har ikkje organisert målingar for å overvake bakterien. Dei seier at bakterien alltid har vore der, og at sjansen for å bli infisert er svært liten.

Likevel blir personar med svekt immunforsvar, nedsette leverfunksjonar og andre kroniske sjukdomar, åtvara mot å bade. Det same gjeld personar med opne sår eller rifter i huda.

Ikkje alle stolar på forsikringane frå helsestyresmaktene, og ein av teoriane er at bakterien har vorte meir aggressiv etter det store oljeutsleppet i Mexico-golfen i 2010.

– Eg har min eigen teori, seier Kim Farve, direktør for offentleg arbeid i Bay St. Louis i Mississippi. Dei seier at Vibrio alltid har vore der, men eg vaks opp langs desse strendene, og eg kan ikkje hugse at dette har vore noko problem før det store oljeutsleppet i 2010 , seier han til The Guardian.

Oljesølet kostet 234 milliarder

Innrømmer testtabbe i Mexicogolfen

Vibrio vulnificus

Slik ser den frykta bakterien ut.

Foto: CDC/James Gathany (PHIL #7815), 2005

Facebook-informasjon

Jocko Angle vart infisert av den kjøtetande bakterien for tre år sidan. Det eine beinet hans er dobbelt så tjukt som det andre som følgje av infeksjonen. Han driv i dag ei Facebook-side om den frykta bakterien.

– Eg trur dei store mengdene olje i sjøen, saman med kjemikaliane dei brukte for å hanskast med utsleppet, gjorde at bakterien fekk gode vekstvilkår, seier han.

Angle fortel at kombinasjonen varmt vatn og kraftig regn fører til ei oppblomstring av Vibrio vulnificus.

Amputasjon etter fiske

69 år gamle Dick Empson reiste frå Baton Rouge i Texas til Mississippi-kysten for å fiske sist helg. Han var heilt frisk, og hadde ingen opne sår eller rifter, forsikrar han. Likevel vart han infisert av Vibrio vulnificus, og sist onsdag måtte legane amputere det eine beinet hans.

Ifølgje Folkehelseinstituttet kan Vibrio vulnificus finne vegen også til nordiske farvatn. Det er rapportert dødsfall som følgje av bakterien både i Sverige og Danmark, og han kan dukke opp når det er 20 grader eller meir i vatnet i over ei veke i strekk. Her i landet er det størst fare frå Oslofjorden og sørover.

Mexicogolfen

BP med forlik i Mexicogolfen

SISTE NYTT

Siste nytt