Hopp til innhold

– Farleg å bade med opne sår

Svenske myndigheiter åtvarar folk med opne sår mot å bade i varmt sjøvatn.

Badeverstingene

Når temperaturen går opp, blir det også meir bakteriar i vatnet. Då bør ein ikkje bade med opne sår, åtvarar svensk smittevernekspert.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Somrane 2006 og 2010 var badetemperaturen langs svenskekysten høgare enn normalt. Dei same åra vart det registrert fleire med infeksjonar på grunn av vibrio vulnificus-bakterien.

Om ein blir infisert av denne bakterien gjennom sår på kroppen, fører det i beste fall til at såret hovnar opp eller at ein kan få øyrebetennelse.

I verste fall kan det bli veldig alvorleg, åtvarar det svenske Smittevernsinstituttet.

Fire døde i Sverige

Tre personar døydde etter slike infeksjonar i 2006, og i fjor døydde enda ein, skriv Svenska Dagbladet.

– Om du er gammal eller har dårleg immunforsvar kan du få blodforgifting, det som blir kalla badesårsfeber. Får du ikkje behandling, kan du dø, seier epideiolog i Smittevernsinstituttet Margareta Löfdahl til avisa.

Bakterien formeirer seg raskt ved temperaturar på meir enn 18 grader, og er stort sett knytt til strøk med varmare klima enn Noreg.

Men når vasstemperaturen stig til over 20 grader om sommaren, aukar konsentrasjonen av bakterien i vatnet raskt. Etter ei veke med slike badetemperaturar aukar også risikoen for infeksjon.

Det svenske Smittevernsinstituttet åtvarar folk i risikogrupper mot å bade med opne sår.

– Små sår kan ein dekke til eller tørke rett etter bading. Om ein har større sår, meiner eg at ein skal unngå å bade, spesielt gjeld dette for eldre og svake, seier Löfdahl.

– Ikkje farleg i Noreg

Avdelingsdirektør Truls Krogh ved Folkehelseinstituttets avdeling for vannhygiene.

Avdelingsdirektør Truls Krogh ved avdeling for vasshygiene ved Folkehelseinsituttet.

Foto: Folkehelseinstituttet

I Noreg er bakterien påvist i områda i ytre Oslofjorden og nedover mot Sørlandet, men det er ifølgje Folkehelseinstituttet ikkje grunn til å åtvare folk med opne sår mot å bade her.

– Nei, det trur eg ikkje. I alle fall ikkje slik tilstanden er no, seier avdelingsdirektør Truls Krogh ved avdeling for vasshygiene i Folkehelseinstituttet til NRK.no.

– Men om ein har eit sår på fingeren, og får ein såkalt «verkefinger» etter bading, bør ein ta kontakt med lege, seier han.

Den einaste undersøkinga som er gjort på vibrio-bakteriar i badevatn i Noreg, vart gjort i Indre Oslofjord av Norges veterinærhøgskole i 2004. Vibrio vulnificius vart påvist i 2 prosent av vassprøvene.

Vanlegare i varmt vatn

Temperaturen vart ikkje målt dei stadane bakterien vart funnen, men i dei andre målingane som vart gjort av badevatnet i Indre Oslofjord på same tid, låg på mellom 18 og 24 grader, står det i rapporten.

Om badetemperaturen vil auke i åra framover på grunn av klimaendringar, kan det gjere levevilkåra betre for bakterien.

– Vasstemperaturen i Noreg ligg heilt på grensa av kva bakterien toler å leve i. Om temperaturen aukar noko, vil det gi betre tilhøve for bakterien. Kor mykje er vanskeleg å seie, seier Krogh.

  • Sjekk badetemperaturen der du er på Yr.no.

Krogh peikar og på at bakterien likar seg aller best i brakkvatn. Han meiner at sidan Østersjøen består av mykje brakkvatn, kan det vere ein årsak til at bakterien er vanlegare langs svenskekysten.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)