Hopp til innhold

Kjærasten til sakna, norsk kvinne (43) lovar dusør for opplysningar som kan løyse saka

Kjærasten til den norske kvinna som blei meldt sakna i Sverige i romjula, lovar dusør til den eller dei som har opplysningar som kan løyse saka.

Svensk politi søker etter den norske kvinnen, som ble sist sett julaften i Sverige, i havneområdet Landskrona.

Svensk politi og frivillige har søkt etter den norske kvinna i hamneområdet i Landskrona. Søket er no innstilt, men etterforskinga går vidare, seier politiet.

Foto: Gunnar Bratthammer / NRK

Ei 43 år gammal kvinne, busett i Noreg, blei meldt sakna i Landskrona i romjula, der ho var på besøk hos kjærasten. Ifølgje svensk politi blei ho sist sett på kaia i byen, seint på kvelden julaftan.

Både politiet og frivillige har leita etter kvinna. Det har blant anna blitt brukt gummibåt og dykkarar i søket, men utan resultat.

Søket langs kysten er no avslutta, og politiet seier dei er avhengige av nye opplysningar for å kome seg vidare i saka. Politiet trur ikkje kvinna har forsvunne frivillig, og jobbar framleis etter ein teori om at ho kan ha blitt bortført.

Lovar påskjønning

Kjærasten til den sakna kvinna har saman med sønene hennar vore med å leite etter henne. No lovar kjærasten på Facebook ei påskjønning til den eller dei som kan kome med opplysningar som kan løyse saka.

– Eg gjer kva eg kan for å finne henne. Vennane mine har også laga plakatar som er hengt opp rundt om i byen, seier han på telefon til NRK.

Han seier han er fortvila over at søket etter henne ikkje har ført fram, og at han vil strekke seg langt for å lønne dei som har viktige opplysningar.

– Det finst ingen pris. Om nokon har opplysningar som gjer at vi kan finne henne, gir eg alt har.

Politiet ber om tips

Sjølv om søket er avslutta, håpar også politiet på fleire tips frå publikum som kan bringe etterforskinga vidare. Pressetalsperson Evelina Olsson seier til Aftonbladet at etterforskinga held fram.

– Vi har fleire planlagde etterforskingstiltak, men vi kan dessverre ikkje gå i detalj på kva dette går ut på, seier ho til avisa.

Politiet snakkar no med vitne og ser på innkomne tips. Det er også gjort beslag som blir undersøkt.

– Telefonen til kvinna blir analysert no, seier Olsson.

Det er så langt ingen sikta eller gripne i saka.

SISTE NYTT

Siste nytt