NRK Meny
Normal

Kina truga Vietnam til å stoppe oljeleiting

Kina skal ha truga Vietnam til å stoppe ei nyleg påbegynt oljeleiting i Sør-Kinahavet, i den siste av ei rekke episodar der stormakta hevdar sin rett i det omstridde havområdet.

Kinesiske soldatar i Spratly

Kinesiske soldatar patruljerer på ei av Spratly-øyene, februar 2016.

Foto: © China Stringer Network / Reut / Reuters

Det er BBC som rapporterer om dette, basert på kjelder i det vietnamesiske diplomatiet og det spanske oljeselskapet Repsol, som var ansvarlege for oljeleitinga i det dei omtaler som blokk 136–03.

– Dette er ikkje overraskande, seier seniorforskar ved fredsforskingsinstituttet PRIO, Stein Tønnesson til NRK, og viser til at det har vore ein dragkamp mellom Kina og Vietnam om oljeboring i dette feltet i fleire tiår.

Diplomatisk balansegang

Vietnam er ofte i ei meklarrolle mellom Kina på den eine sida og USA og Japan på den andre.

Senka vietnamesisk båt

Det har vore fleire spente situasjonar mellom Kina og Vietnam i Sør-Kinahavet. Her skal ein vietnamesisk båt blitt senka av eit kinesisk fartøy nær dei omstridde Paraceløyene i mai 2014. Båten skal ha kome nær der China hadde ein oljeplattform.

Foto: STRINGER/VIETNAM / Reuters

– Denne diplomatiske balansegangen er noko som har irritert Kina lenge, fortel Tønnesson, og seier at det

var ein stor diplomatisk siger for Vietnam då deira statsminister var ein av dei første statsleiarane frå Søraust-Asia som fekk besøke Donald Trump i Det kvite hus.

Han peiker på fleire hendingar det siste året som kan ha gjort til at det toppa seg for Kina med denne oljeboringa, bl.a. ein Vietnam-finansiert konferanse om Sør-Kinahavet i Washington i sommar og eit samarbeid mellom Vietnam og Japan om kystfartøy.

Og så starta altså Vietnam for ein månad sidan omsider oljeleitinga i blokk 136-03, rundt 400 km søraust for Vietnam. Kina kallar området Wanan Bei-21, og har også gitt konsesjonar her.

Kort tid etter skal leiinga i det spanske oljeselskapet ha fått høyre frå den vietnamesiske regjeringa at Kina har truga med å angripe vietnamesiske baser på Spratly-øyene om dei ikkje stoppa drillinga.

Kina hevdar dei har rett på Spratly-øyene og ei rekke andre øyer i Sør-Kinahavet, trass i ein dom frå i Voldgiftdomstolen i Haag i fjor som slo fast det motsette.

Turistar i Sør-Kinahavet

Etter mykje militær opptrapping satsar Kina også på meir menneskeleg nærvær på dei omstridde øyene i Sør-Kinahavet. Det går jamleg cruiseskip frå Hainan, og i helga opna det som no er Kinas sørlege kino, på Woody Island, administrasjonssenteret i Spratly-øygruppa.

Foto: Peng Peng / AP

Kan bli kraftigare følger med India og USA involvert

Men også Vietnam sin aktivitet i Sør-Kinahavet brer om seg. Trass i stansen av oljeboringa i blokk 136–03 har Vietnam fleire oljeprosjekt på gang i havområdet.

I juni utvida dei ein konsesjon til Indias statlege oljeselskap til to år, i eit område som ligg nærare Vietnam.

– Om India og Vietnam bestemmer seg for å begynne å vinne ut gassen dei allereie har funne her og Kina då reagerer, er faren litt større, seier Tønnesson, og peikar på at det då er to stormakter inne i biletet – kanskje tre, om USA blandar seg inn.

John Kerry i Vietnam

Samtidig som dåverande amerikanske utanriksminister John Kerry helste på gamle motstandarar i Vietnam, blei påtroppande Rex Tillerson utspurt av Kongressen, bl.a. om Sør-Kinahavet. På same Vietnam-tur var også Kerry til stades under signeringa av ei avtale mellom Vietnam og det amerikanske oljeselskapet Exxon, der Rex Tillerson tidlegare var sjef.

Foto: Alex Brandon / AP

Eit anna felt der USA nok vil reagere om Kina kjem med tilsvarande truslar er eit felt lenger Nord i Sør-Kinahavet, der Vietnam tidlegare i år gjorde ein avtale om å utvikle eit stort naturgassprosjekt med amerikanske ExxonMobil – selskapet der USAs utanriksminister tidlegare var sjef.

Tønnesson peikar også på at det samtidig er eit anna amerikansk oljeselskap, Unocal, inne på kinesisk side.

– Det gjer det heile ytterlegare komplisert.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt