Hopp til innhold

Kina arresterer 13 etter protestar i fiskarlandsby

Hundrevis av politimenn skal ha gått til aksjon tysdag morgon, ifølge innbyggarar frå fiskarlandsbyen Wukan, som er kjend for sine protestar mot regjeringa.

CHINA-WUKAN/SENTENCE A protester against the jailing of Lin Zuluan demonstrates with Lin's portrait in Hong Kong

Protestane held fram etter at Lin Zuluan blei dømd til fengsel for korrupsjon førre veke. Her utanfor Kinas representasjon i Hongkong, som ikkje er langt unna fiskelandsbyen.

Foto: BOBBY YIP / Reuters

Kinesisk politi skal ha skutt med gummikuler og arrestert 13 personar i eit raid mot fiskarlandsbyen Wukan ved morgongry tysdag, melder nyheitsbyrået Ap.

Dette skjer mindre enn ei veke etter den lokale leiaren Lin Zuluan blei dømt til tre års fengsel for korrupsjon.

Laster Twitter-innhold

– Mellom 300 og 400 politimenn

– For å trygge interessene til fleirtalet og å gjenopprette orden i produksjonen og i lokale sine liv, bestemte lokalt politi seg for å gå til aksjon og arrestere dei, seier kinesiske styresmakter i ei fråsegn om arrestane i landsbyen, som ligg i Guandong-provinsen ved Sørkinahavet, nær Hongkong.

Politiet skal ha storma inn i landsbyen og arrestert leiarar frå protestane heime hos seg sjølve. Videoar posta i sosiale media viser ein person med blod på armen og brystet, og ein anna som blir behandla for eit skotsår i handa.

Ein anna video viser ei rad av svarte politibilar som kjem inn i byen ved Sørkinahavet som har rundt 13 000 innbyggarar. 3–400 politimenn skal ha vore involvert i raidet, ifølge ein person Reuters har snakka med som har slektningar i landsbyen.

Korrupsjonsdømt lokal leiar

Landsbyen har blitt sett på som eit viktig demokratisk symbol etter at dei for fem år sidan protesterte mot partitoppar som begynte å planlegge utbygging landbruksområde utanfor byen.

Innbyggarane i landsbyen klarte til slutt å drive ut representantar for styresmaktene og politiet, og barrikaderte byen. Konflikten blei løyst etter at provinssekretæren frå kommunistpartiet gjekk med på å arrangere lokalval.

China Village Election Lin Zuluan

Lin Zuluan blei valt i eit lokalval godteke av kinesiske styresmakter etter protestane i 2011.

Foto: Vincent Yu / Ap

Og vinnaren av valet var protestleiaren Lin Zuluan, som no er dømt for korrupsjon. Han hadde planar om ei ny runde protestar mot regjeringane sine planar om å ta meir jord, men blei nyleg arrestert sikta for å ha teke mutingar til ein sum av rundt 593 000 yuan (730 500 norske kroner). Lin har innrømma forholdet på TV, men ein tidlegare advokat av han har sagt til Ap at Lin truleg kom med innrømminga for å beskytte familien.

Tilhengarane hans meiner at skuldingane er grunnlause og har arrangert demonstrasjonar 80 dagar på rad sidan han blei arrestert. Protestane heldt fram etter torsdag då han fekk dommen.

Ifølge styresmaktene blei dei 13 arrestert for å provosere fram ein mobb og spreie rykte. Dei seier at dei har prøvd å «rettleie og overtale» protestleiarane, men at rettleiinga openbert ikkje blei teke godt imot.

SISTE NYTT

Siste nytt