Karikaturteiknar gjev ut bok

Fem år etter karikaturstriden, vil teiknaren sjølv fortelja si historie. No gjev Kurt Westergaard ut sjølvbiografi.

Video Kurt Westergaard gir ut ny bok

Kurt Westergaard inspiserer det aller første prøvetrykkjet ved kjøkkenbordet til forlagsredaktøren. Fem år etter karikaturstriden vil han fortelja si historie.

For mange er teiknaren Kurt Westergaard sjølve symbolet på ytringsfridom . Han skapte eit enormt sinne med si Mohammedteikning i Jyllandsposten.

No har 75-åringen skrive sjølvbiografien «Manden bag stregen», som inneheld ein ny karikatur.

– Har gjort meg rasande

Denne nye teikninga viser, som originalen, profeten Muhammed med den eksplosive turbanen. Men ved sida av har Westergaard også teikna seg sjølv med blyanten i handa og eit hovud med ei brennande lunte på toppen.

– Krenkingane av min person har gjort meg rasande, seier Westergaard når han vert beden om å forklara symbolikken i teikninga.

Ein uskyldig strek utløyste protester ingen venta. Bileta av danske og norske ambassadar i brann vinteren 2006, gjekk verda over.

– Det var forferdeleg å sjå det. Men eg forstod at no hadde Danmark på eit vis mista si uskuld internasjonalt. No begynte ei ny tid, fortel teiknaren.

Verdiar i grus

Men utan terroråtaka den 11. september 2001 der om lag 3000 menneske mista livet, hadde det kanskje aldri blitt noko teikning.

– Nokre av verdiane mine fall i grus saman med tvillingtårna i New York. Eg har nok vore ein av dei fine menneska som inntil då var absolutt politisk korrekt, seier Westergaard.

– Eg hadde veldig stor toleranse. Men det skjedde noko. Det kom verkeleg skrammer i toleransen si blankpolerte overflate, legg han til.

Drapstrugslar

I dag lever Westergaard med konstant politibeskyttelse. To væpna livvaktar er tilstades under intervjuet med NRK. Drapstrugslar har blitt ein del av livet hans.

Nyleg innrømte to norske statsborgarar attentatplanar mot både han og Jyllandsposten som trykte teikningane i 2005.

– Det vil sikkert komma fleire trugslar. Men etterretningstenesta i Danmark, Norge og andre stader er kolossalt dyktig. Eg trur bestemt at dei kan avverga det.

Også for Kurt Westergaards gamle arbeidsplass Jyllandsposten har det hatt sin pris å utfordre ytringsfriheten.

Tidlegare kunne ein køyra direkte inn til redaksjonslokala. Etter kvart som den eine terrorplanen etter den andre vart avslørte, forstod leiinga at dei måtte trappa opp sikkerheita kring arbeidsplassen.

Øksemann i stova

Demonstrasjon mot karikaturane i Istanbul 12. februar 2006.

Demonstrasjon mot karikaturane i Istanbul 12. februar 2006.

Foto: ALI OZLUER / AFP

Alle som skal på besøk til Westergaard vert grundig kontrollerte før dei slepp inn i huset. I januar i år var det nære på. Ein mann med øks braut seg inn gjennom stovevindauget. Barnebarnet på fem år var åleine i stova.

– Det første eg tenkte på var om eg kunne ta opp kampen. Men det kunne eg ikkje mot ein ung mann på 28 år som hadde ei stor øks og ein kniv. Han hadde drepe meg rett framfor augo på den vesle jenta. Det hadde vore frykteleg, fortel den 75 år gamle dansken.

Han kom seg i sikkerheit og fekk varsla politiet. Korkje han eller det fem år gamle barnebarnet fekk så mykje som ei skramme.

– Muhammed i hjarta

Eit par kvartal unna huset til Westergaard går livet sin vante gang. Få i Århus-området ser ut til å plagast av at dei har to terrormål i nabolaget. Muslimar i området har lite til overs for Muhammedteikningane:

– Dårlege teikningar, ein skal ha respekt for religion, seien ein ung gut på ein internasjonal matbutikk.

Ei muslimsk kvinne fortel at ho er likegyldig til Westergaard sine strekar.

– Eg bryr meg ikkje om kva han teiknar. Eg som muslim har Muhammed i hjarta mitt uansett.

Ber ikkje om orsaking

Demonstranter protesterer mot Muhammed-karikaturene

Protestar mot publisering av karikaturane i norske media.

Foto: ADEL HANA / AP

Teiknaren vil ikkje be om orsaking, men han vil gjerne snakka med dei han har fornærma. Det har vist seg å vera vanskeleg

– Dei har ei oppfatning av meg som Satan som skal tilbake til helvete der dei andre satanane er. Når eg spør om me kan snakka om det, får eg ei ny forbanning til svar.

–Då seier eg berre, «ok, så snakkast me i helvette om dette her».

Pensjonist i husarrest

Eg hadde veldig stor toleranse. Men det skjedde noko. Det kom verkeleg skrammer i toleransen si blankpolerte overflate

Kurt Westergaard

Etter flere tiår som satirikar er han no klar for å leggje vekk den aller skarpaste pennen. Som pensjonist i husarrest på ubestemt tid, kan han endeleg teikna kva han vil:

– No vil eg laga mine eigne ting. Det eg sjølv har lyst til å laga er nokre fabulerande teikningar over ulike emner og eventyr.

Boka «Manden bag stregen» kjem ut i midten av november i år.

SISTE NYTT

Siste nytt