Hopp til innhold

- Vil ikkje krenkje nokon

Danskane fryktar bråk i samband med utgjevinga av karikaturboka til den tidlegare kulturredaktøren i Jyllandsposten, Flemming Rose.

Video Frykter reaksjoner på ny karikaturbok

Fem år etter at Muhammed-karikaturane blei trykte for fyrste gong, kjem dei ut på nytt. Torsdag publiserer den tidlegare kulturredaktøren I Jyllands-posten, Flemming Rose, «Taushetens tyranni» – ei ny bok som inneheld dei 12 omstridde teikningane.

– Eg gjer ikkje dette for å krenkja nokon. Desse teikningane er ein del av historia, seier Rose på ein pressekonferanse i København.

Fryktar terror

Høge stålgjerder, vaktar, politi og videoovervaking er kvardagskost for dei tilsette ved Jyllandsposten sitt kontor utanfor Århus.

Karikaturteikningane som blei publiserte i den danske avisa 30.september 2005, skapte ei bølgje av vald i heile verda. Demonstrasjonane var blant anna kraftige utanfor den danske og den norske ambassaden i Jakarta i Indonesia.

No stormar det rundt avisa på ny.

Danskane fryktar flaggbrenning, nye terrortrugslar og eit dårleg rykte i den muslimske verda som følgje av den nye boka. Aller størst er frykta for at nokon skal setja terrorplanar ut i livet på dansk jord, eller at danske interesser i utlandet skal verta mål for terrorverksemd.

– Få har analysert kva teikningane eigentleg viser. Det er det eg gjer i detalj i denne boka, seier forfattaren sjølv.

Krisemøte i den danske regjeringa

Den danske utanriksministeren, Lene Espersen har kalla inn alle dei muslimske ambassadørane til krisemøte med regjeringa.

– Me ønskjer å fremja ei forståing mellom ulike religionar, difor vil me gjera alt det me maktar for at ingen skal kjenne seg krenkja eller håna, seier ho.

Ifølgje avisa Vårt Land viser ei fersk meiningsmåling at 48 prosent av danskane i dag meiner det var riktig av Jyllandsposten å trykkje teikningane i 2005, medan 38 prosent meiner det var feil.

Støtter boka

Den norske stortingsrepresentanten Akhtar Chaudry (SV) tykkjer det er unødvendig av Rose å bringe opp att dei kontroversielle karikaturteikningane.

– Eg er tilhengar av ytringsfridom, men ingen ytring kan koplast heilt ifrå korleis den vert fortald og tolka. Livet til soldatane våre og diplomatene våre kjem i fare ved å trykke desse teikningane på ny, påpeiker han.

Vebjørn Selbekk, konstituert sjefredaktør i kristenavisa DagenMagazinet. meiner derimot at det er bra at teikningane vert trykte på nytt.

Video Vebjørn Selbekk om Muhammed-boka

NETT-TV: Vebjørn Selbekk ser fram til å lese Flemming Roses bok.

– Avismediet er ein viktig formidlar av det frie ord og demokratiske rettar. Det er eit faresignal at eit avishus har vorte eitt av dei framste terrormåla i verda, seier Selbekk.

SISTE NYTT

Siste nytt