Hopp til innhold

Kampane held fram i Libanon

I dag er fleire menneske drepne i Libanon, etter harde kampar ei heil veke. Ein sunnimuslimsk sjeik er blant dei drepne, og Libanon kan verte dradd inn i den syriske konflikten for fullt.

Kamper i Tripoli, Libanon

VALD I LIBANON: Konflikten i Syria har smitta over til Tripoli, nord i Libanon. Sunni-muslimske grupper kjempar mot støttespelarar til den syriske presidenten, Bashar al-Assad.

Foto: STRINGER / Reuters

– Den andre sida, shabiha-gruppene som støttar Assad, heldt seg ikkje til våpenkvila. Dei braut våpenkvila, og ein ung mann på 28 år vart drepen, seier ein mann til nyheitsbyrået AP.

Mannen står omringa av ei gruppe væpna menn som kjempar mot støttespelarar til Syrias president Bashar al-Assad. Det er eit bilete me er vortne godt kjende med. Men dei er ikkje frå Aleppo, Damaskus eller Homs. Han og dei andre står på gata i Tripoli, Libanons nest største by. Kampane frå Syria har smitta over til nabolandet.

17 menneske er så langt drepne i Libanon, etter ei veke med harde kampar, konsentrert til Tripoli. Den libanesiske hæren er utstasjonert i byen, men slit med å halde kontrollen over kampane. Det toppa seg i dag då ein sunnimuslimsk sjeik vart drepen av ein snikskyttar.

– Me har ingenting med det som skjer i Syria. Me vil berre leve i fred, seier Ahmed Breiss, ein mekanikar i Tripoli, til Al Jazeera.

Lang historie mellom Syria og Libanon

Rania Maktabi

FRYKTAR AUKE I VALD: Førstelektor Rania Maktabi ved Høgskolen i Østfold meiner det kan verte langvarige konfliktar òg i Libanon.

Foto: Høgskolen i Østfold

– For å seie det veldig enkelt: alt som skjer i Syria har ein smitteeffekt på Libanon, seier førstelektor ved Høgskolen i Østfold, Rania Maktabi.

Ho er statsvitar med Libanon som spesialfelt. Libanon var lenge okkupert av den mektige nabostaten, og Bashar al-Assad trekte ikkje ut styrkane sine før i 2005. Ei lang historie saman med Syria er bestemmande for mykje av det som skjer i Libanon, hevdar ho.

– All politikk, både i Libanon og Syria, er knytt saman. Dei allierte mellom dei to landa koordinerer sin politikk, seier Maktabi.

Etter at tidlegare statsminister Rafiq Hariri vart drepen i 2005, trekte Syria seg ut av landet. Dei vart av mange libanesarar skulda for drapet, og forholdet mellom dei to landa har sidan vore spent.

Libanesiske styresmakter har så langt halde seg unna konflikten i Syria, nettopp av frykt for å verte dregne inn i konflikten. No fryktar Maktabi at det kan verte langvarig, òg i Libanon.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Sunnimuslimske menn kjempar i Tripoli, Libanon

SYRISK KAMP I LIBANON: Smitteeffekten er sterk frå konflikten i Syria til Libanon. Desse sunnimuslimane i Tripoli kjempar mot libanesiske grupper som støttar Syrias president, Bashar al-Assad.

Foto: STR / Afp

– 17 drepne menneske er ikkje vanleg i Libanon, og landet kan heilt opplagt verte trekt inn for fullt, seier Maktabi.

– Og du er reelt redd for at det faktisk kan skje?

– Ja, det er eg. Fordi det som skjer i Syria og Tripoli no er stormaktspolitikk som vil ha sterk påverknad på Libanon.

SISTE NYTT

Siste nytt