NRK Meny
Normal

Kallar heim ambassadør frå Sveits

Israel kallar heim ambassadøren sin i Sveits i protest mot FN-konferansen mot rasisme, som blir halden i Geneve.

Benjamin Netanyahu

Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

Foto: Daniel Bar-On / AFP

Israel og fleire andre land meiner at konferansen, der blant andre Irans president Mahmoud Ahmadinejad deltek, blir brukt til å eisidig fordømme Israel.

Israelske styresmakter har uttrykt sterk irritasjon mot at den sveitsiske presidenten, Hans-Rudolf Merz, i går møtte den iranske kollegaen sin.

Ahmadinejad har fleire gonger sagt at Israel bør fjernast frå kartet, og han har også uttrykt tvil om holocaust.

Holocaust

Irans president, Mahmoud Ahmadinejad

Irans president Mahmoud Ammadinejad.

Foto: MORTEZA NIKOUBAZL / REUTERS

- Seks millionar av vårt folk vart slakta under Holocaust. Ikkje alle har lært noko av dette, sa statsminister Benjamin Netanyahu på eit møte i Knesset i dag.

- Æresgjesten Ahmadinejad er ein rasist, ein Holocaust-fornektar som ikkje legg skjul på at han ynskjer å fjerne Israel frå kartet, heldt fram han.

Ein talsmann for Netanyahu sa seinare at utanriksminister Avignor Lieberman har kalla heim den israelske ambassadøren til Sveits for konsultasjonar, og som ein protest mot rasisme-konferansen i Geneve.

Den norske utanriksministeren, Jonas Gahr Støre, deltek på konferansen, medan andre land som USA og Canada heldt seg borte. Årsaka er at dei meiner muslimske land brukar konferansen til å kritisere Israel, og til å prøve å svekkje ytringsfridomen ved å gå inn for å forby ilike typar religionskritikk.

Andre land som boikottar konferansen er: Australia, Italia, Israel, Nederland og Tyskland. Sveriges utanriksminister deltek ikkje, men landet er representert på ambassadørnivå.

Ban skuffa

FNs generalsekretær Ban Ki-moon opna rasismekonferansen i dag med å seie at han var skuffta over at så mange vestlege land boikottar arrangementet.

- Eg beklagar sterkt at fleire land boikottar konferansen samstundes som alle formar for rasisme framleis eksisterer, sa han i opningstalen.

Han sa også at tida er inne til å kjempe mot alle formar for rasisme, også antisemittisme og islamofobi. Ban åtvara også mot auka rasisme i kjølvatnet av den internasjonale økonomiske krisa.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon under opninga av rasismekonferansen i Geneve.

Nak Ki-moon er skuffa over landa som boimkottar konferansen.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

Boikotter FNs rasismekonferanse

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt