Hopp til innhold

Jamt løp i valdagsmålingar i Israel

Regjeringspartiet Likud går mot å vinne det israelske valet. Partialliansen Blått og kvitt ligg hakk i hel.

Benjamin Netanyahu og kona Sara

Statsminister Benjamin Netanyahu og kona Sara.

Foto: Ammar Awad / Reuters

Benjamin Netanyahu har vore statsminister dei siste ti åra, og i perioden 1996–1999. Hovudutfordraren hans er tidlegare forsvarssjef Benny Gantz, som leier partialliansen Blått og kvitt.

Då vallokala stengde, blei det offentleggjort ei valdagsmåling som viste dødt løp, mens to andre tyder på at Blått og kvitt fekk flest stemmer. Både Netanyahu og Gantz erklærte seg som vinnarar etter at målingane var offentleggjort.

Ved 2.30-tida natt til onsdag viste valprognosar frå to israelske TV-stasjonar at Netanyahu leia så vidt.

Dei viste også at partiets hans, Likud, i lag med alliansepartia deira får fleirtalet i folkeforsamlinga Knesset.

– Eg vil takke veljarane våre for ein utruleg bragd. Eg er veldig rørt over at Israel har vist meg tillit for femte gang, sa Netanyahu etter dei ferske målingane.

Jamt også i meiningsmålingane

Meiningsmålingane har vist at det har vore svært jamt mellom dei to partia. Men ingen har sett ut til å kunne få fleirtal i nasjonalforsamlinga Knesset åleine. Begge vil derfor vere avhengige av støtte frå småparti for å kunne styre landet.

Vallokala opna klokka 6 norsk tid. Rundt 6,4 millionar menneske var venta å delta i valet på ny nasjonalforsamling.

Israel Elections

Statsministerkandidaten Benny Gantz frå Blått og kvitt håpar på siger etter å ha stemt i heimbyen Rosh Haayin.

Foto: Sebastian Scheiner / AP

Meldingar om valfusk

I løpet av dagen har det komme fleire meldingar om valfusk. Medlemmer av regjeringspartiet Likud har utplassert skjulte kamera i vallokale i område der det bur mange palestinske israelarar.

Palestinske israelske politikarar meiner dette er i strid med lova. Og ein talsmann for den sentrale valkomiteen i Israel stadfester at det er ulovleg å filme folk når dei stemmer.

Israel Elections

Den israelske statsministeren, Benjamin Netanyahu stemmer saman med kona Sara.

Foto: Ariel Schalit / AP

Både Likud og felleslista Blått og kvitt melder om at stemmesetlar er gjort ugyldige ved at det er teikna merke på dei. Stemmesetlar skal også ha forsvunne frå fleire stemmelokale.

SISTE NYTT

Siste nytt