Hopp til innhold

Trump til Comey: – Eg vil aldri la folk urinere på kvarandre når eg er i nærleiken

I memoarane til den sparka FBI-sjefen James Comey, røper han intime detaljar om samtalar han skal ha hatt med president Donald Trump om ein episode på eit hotellrom i Moskva.

FILES-US-POLITICS-TRUMP-INVESTIGATION-COMEY-BOOK

HARDE ANGREP PÅ TRUMP: I ei bok som kjem neste veke samanliknar tidlegare FBI-sjef James Comey Donald Trump med ein mafiaboss, og meiner han manglar integritet. Allereie er delar av boka lekka til pressen.

Foto: NICHOLAS KAMM / AFP

Memoarane til Comey kjem ikkje i bokhandelen før tysdag, men fleire store amerikanske aviser har fått tak i smakebitar, der den tidlegare FBI-sjefen deler innhaldet i samtalar mellom han og den amerikanske presidenten.

Mellom anna går han i detalj om ein kontroversiell rapport som var bestilt av Clinton-kampanjen, der det blir hevda at Trump vart filma av russisk etterretning medan han hadde besøk av prostituerte på eit hotellrom i Moskva i 2013.

Ifølgje Comey diskuterte Trump denne rapporten med han fire gangar. Den var skriven av den tidlegare britiske etterretningsoffiseren Christopher Steele, som siterte russiske etterretningskjelder.

– Trur du eg er ein fyr som treng tenestene til prostituerte, skal Trump ha sagt til Comey.

Russia Trump Business

MISS UNIVERSE I MOSKVA: Det var under Miss Universe-konkurransen i Moskva i 2013 den famøse episoden på hotellrommet skal ha skjedd. Comey hevdar Trump var oppteken av at FBI måtte hjelpe til å legge denne saka død.

Foto: Ivan Sekretarev / AP

Trump: – Har bakteriefobi

Rapporten hevda også at kvinnene hadde urinert i senga på hotellrommet, eit hotellrom som tidlegare var brukt av Barack og Michelle Obama.

Ifølgje Washington Post skriv Comey at Trump bad FBI om å etterforske påstandane, for å bevise at dei var usanne, og brukte ulike forklaringar for å overtyde Comey.

– Eg har fobi mot bakteriar, det er ingen sjanse for at eg vil la folk urinere på kvarandre rundt meg, skal Trump ha sagt, ifølgje Comey.

Trump bad seinare Comey om å rydde opp i dette, fordi det var så vondt for førstedame Melania Trump.

I boka hevdar Comey at Trump er ein uetisk og ufølsam leiar, som lyg og manglar empati. Han kallar Donald Trump sin presidentperiode for «ein skogbrann», og han samanliknar leiarstilen til Trump med den til ein mafiaboss, ifølgje Washington Post.

Republikanarane slår tilbake

Allereie før boka har kome i hyllene, har Trump sine støttespelarar laga ei nettside der dei slår tilbake mot Comey.

Nettsida lyingcomey.com er oppretta av Det republikanske partiet sin nasjonale komite, og hevdar at Comey stod bak lekkasjar og at han rota til etterforskinga rundt e-postane til Hillary Clinton.

– Comey manglar truverd, berre spør leiande demokratar, er bodskapen i ein av videoane på nettsida, som viser Nancy Pelosi og Chuck Schumer som kritiserer FBI-sjefen.

Comey vart under valkampen skulda for å gje valsigeren til Trump, ved å gjenopne den betente e-post-saka mot Clinton ein kort periode.

Handteringa av e-post-saka vart samtidig den offisielle årsaka til at Trump gav Comey sparken i 2017.

Laster Twitter-innhold

– Trudde Clinton ville vinne valet

Ifølgje den konservative avisa New York Post skriv Comey i boka si at han tok opp etterforskinga av e-postane, fordi han frykta Hillary Clinton ville tape legitimitet som president om han ikkje gjorde det.

Men han legg til at han ville handtert saka annleis om han visste at Clinton ville tape valet.

– Eg ville seie så lite som mogeleg, men FBI måtte seie noko, skriv Comey i boka.

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt