Hopp til innhold

Jagland krev ny Kosovo-gransking

Generalsekretær i Europarådet, Thorbjørn Jagland, krev ei grundig gransking av påstandane om at statsministeren i Kosovo har vore innblanda i blant anna ulovleg organhandel.

Thorbjørn Jagland

Thorbjørn Jagland er generalsekretær i Europarådet.

Foto: NRK

Hashim Thaci

Alvorlege skuldingar mot Kosovos statsminister Hashim Thaci.

Foto: HAZIR REKA / Reuters

Det var i går at utdrag frå rapporten vart kjent. Her går det fram at Kosovos statsminister blir skulda for organhandel . Rapporten, som er utarbeidd av sveitsiske Dick Marty på oppdrag frå Europarådet , hevdar blant anna at kosovoalbanske politikarar har delteke i alvorleg kriminell verksemd som drap, organhandel og narkotikasmugling.

Alvorlege skuldingar

- Eg har lese rapporten om umenneskeleg behandling av menneske og ulovleg handel med menneskelege organ i Kosovo. Rapporten inneheld mange alvorleg skuldingar. Eg fryktar kva konsekvensar rapporten kan få, seier Thorbjørn Jagland.

Den tidlegare Ap-statsministeren meiner at desse påstandane ikkje kan bli ståande utan eit endeleg svar.

- Påstandane må anten stadfestast eller avvisast gjennom ei korrekt gransking. Eg oppmodar difor alle instansar, også internasjonale, om å gjere alt dei kan for å slå fast sanninga om det som har skjedd, seier Jagland.

Påstandane i rapporten, der både det amerikanske føderale politiet FBI og andre land sitt tryggingspoliti har vore bidragsytarar.

LES OGSÅ: Nå blir det balkanske forhandlinger

LES OGSÅ: Statsministerens parti leder i Kosovo

Nyrer på svartebørsen

Carla del Ponte.

Tidlegare sjefsaktor Carla del Ponten ved Den internasjonale domstolen for det tidlegare Jugoslavia har også høyrt om organhandelen.

Foto: Martial Trezzini / Scanpix/AP

I rapporten heiter det blant anna at personar som samarbeidde tett med noverande statsminister Hashim Thaci, skal ha bortført serbiske fangar til Albania, teke livet av dei og selt nyrene deira på svartebørsen.

Thaci blir namngitt som ein av fem i den såkalla Drenica-gruppa i Kosovos frigjeringshær, som utførte avrettingar, arrestasjonar og valdelege avhøyr opp til eitt år etter at krigen i Kosovo var slutt.

Også tidlegare sjefsaktor Carla Del Ponte ved Den internasjonale domstolen for det tidlegare Jugoslavia, har tidlegare sagt at det fann stad drap på serbarar for å skaffe organ. Ho sa at ho vart hindra i å etterforske dette av toppane i Kosovos frigjeringshær.

Det går også fram av rapporten at statsminister Thaci er sjef for ei albansk mafiagruppering som styrer våpensmugling, organhandel og narkotika.

Kosovo avviser

Heile det politiske miljøet i Kosovo, både Thaci sitt parti og opposisjonen, avviser skuldingane i rapporten som blank løgn. Dei kallar rapporten for eit angrep på Kosovos sjølvstende.

Sosialdemokraten Agim Cekua, også han tidlegare offiser i frigjeringshæren, skuldar Serbia for å ha fabrikkert skuldingane.

LES OGSÅ: Disse leder Kosovo etter valget

SISTE NYTT

Siste nytt