Hopp til innhold

Israelsk krigs­minister om gissel­samtalane: – Lovande teikn

I Kairo blir det framleis forhandla om våpenkvile. Det kvite hus sende denne veka ein toppdiplomat for å påverke framgangen.

Demonstrantar i Tel Aviv ber om at gissela blir sleppte fri frå Hamas

Demonstrantar i den israelske byen Tel Aviv onsdag ber demonstrantar om at gislane blir sleppte fri frå Hamas.

Foto: DYLAN MARTINEZ / Reuters

Sidan oktober har den egyptiske hovudstaden vore sentrum for samtalar og forhandlingar for ein veg ut av krigen i Gaza – utan hell.

Allereie to veker etter Hamas sitt åtak mot Israel 7. oktober blei det arrangert ein internasjonal fredskonferanse i Karo. Målet var ein «køyreplan for fred».

Deltakar på Cairo Summit for Peace

21. oktober arrangerte Egypt og president Abdel Fattah al-Sisi ein fredskonferanse etter krigsutbrotet mellom Israel og Hamas.

Foto: AFP

Fire månader seinare har talet på drepne i Gaza stige til 29.313, opplyste det Hamas-styrte helsedepartementet onsdag. Samstundes er 130 gissel haldne av Hamas inne på Gazastripa ikkje gjort greie for.

Israel truar med bakkeinvasjon i Rafah innan 10. mars om ikkje gislane blir sette fri.

Egypt, Qatar, USA og Israel har halde fram med å diskutere moglegheitene for pause i krigshandlingane.

Palestinarar står i kø for å få eit gratis måltid i Rafah

Palestinarar i Rafah står i kø for å få eit måltid

Foto: Fatima Shbair / AP

Denne veka har òg Det kvite hus sin Midtausten-koordinator Brett McGurk vore i Egypt for å påverke framgangen.

Tysdag meldte Reuters at Hamas sin politiske leiar Ismail Haniyeh møtte egyptiske embetspersonar for å snakke om våpenkvile.

Les også Stopp i nødhjelpen til Nord-Gaza: – Situasjonen er helt uvirkelig

Gaza

Han leia ein delegasjon som skulle ha samtalar om Gaza og «innsatsen for å stoppe angrepa, sørge for hjelp til sivile og nå måla for vårt palestinske folk», opplyser Hamas på Telegram.

– Lovande teikn

Frå israelsk side har Benny Gantz kommentert framgangen denne veka. Gantz sit i Israel sitt krigskabinett, ei utviding av regjeringa som blei vedtatt etter Hamas-åtaket.

Han held fast på ifylgje Reuters at målet er frigjering av gislane som er fanga i Gaza.

– Vi vil ikkje slutte å leite etter ein måte, og vi vil ikkje miste nokon moglegheit for å få våre jenter og gutar heim, seier Gantz.

Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu, forsvarsminister Yoav Gallant og krigskabinettmedlem Benny Gantz.

Israel sin statsminister Benjamin Netanyahu, forsvarsminister Yoav Gallant og krigsminister Benny Gantz.

Foto: Abir Sultan / AP

Onsdag omtalte han at det var «lovande, tidlege teikn på framgang» i dei regionale samtalane om å pause krigshandlingane.

Les også Slik Israel ser det

NzjDW3SH9hY

– Desperasjon utan sidestykke

Etter 20 veker med israelsk bombing er det kritisk matmangel på Gazastripa. FN åtvarar om at talet på born som er akutt underernærte aukar faretruande fort.

Palestinarar løfter reint vatn av eit lastebilplan i Rafah i desember 2023.

Palestinarar i Rafah løfter reint vatn av eit lastebilplan. Biletet er frå desember 2023.

Foto: Fatima Shbair / AP

Den nordlege delen av Gazastripa har i lengre tid vore avskoren frå naudhjelp utanfrå. Søndag fekk Verdens matvareprogram (WFP) gjenopptatt matleveransane, men det fekk ikkje vare.

Hjelpearbeidarane blei vitne til organisasjonen omtalar som «desperasjon utan sidestykke». Lastebilane blei plyndra, skot blei fyrt av og sjåførar blei angripne.

Ifylgje FN står 939.000 palestinarar i fare for å oppleve katastrofal hungersnød. Nær 378.000 fell allereie innanfor denne krisegruppa.

SISTE NYTT

Siste nytt