Hopp til innhold

Flyktninghjelpen om ny grenseopning til Gaza: – Israel hindrar ikkje ei humanitær krise no

Israel opnar mellombels for å sleppe inn naudhjelp gjennom Erez-overgangen i nord. Det løyser ikkje dei store problema, seier organisasjonen.

A general view of Erez Crossing with the Gaza Strip in the background, as seen from southern Israel

OPNA FOR FØRSTE GONG: Erez-kryssinga blei brukt av Hamas-krigarane under angrepet 7. oktober. No blir den ein ny inngang for naudhjelp til Gaza.

Foto: Amir Cohen / Reuters

Erez har vore hermetisk lukka sidan Hamas sitt terrorangrep i Israel i oktober, og blir no opna for ferdsel for første gong sidan krigen starta.

Dermed blir vegen inn til Gaza by både kortare og tryggare å ferdast på.

Utover dette kjem Israel med to nye løyver, seier regjeringa fredag. Dei er:

  • at hamna i Ashdod i Israel blir brukt til sendingar av naudhjelp,
  • og at det kjem inn meir jordansk hjelp via landvegar og Kerem Shalom-grensekryssinga.

– Auken i hjelp vil hindre ei humanitær krise og er naudsynt for å sikre den fortsette kampen og å oppnå måla i krigen, hevdar dei.

Men ikkje alle er like optimistiske.

Tre opna kanalar for naudhjelp, etter tre beskjedar frå USA torsdag kveld.

Flyktninghjelpen: – Seks månader med helvete

– Det er alt ein fullskala humanitær krise i Gaza. Det er for seint å hindre det no, seier rådgivar Becky Bakr Vindheim.

Ho er rådgivar i Flyktninghjelpen og jobbar tett på situasjonen i Gaza.

– Det vi er bekymra for, som hjelpeorganisasjon med folk til stades i Gaza, er at opninga av denne grenseovergangen skal ta merksemd bort ifrå seks månader med helvete.

FILE PHOTO: Palestinians gather to receive aid outside an UNRWA warehouse in Gaza City
Foto: Mahmoud Issa / Reuters

Israelske angrep i Gaza har ført til minst 33.000 drepne, og internasjonale aktørar åtvarar om akutt fare for hungersnaud etter seks månader med krig.

Likevel meiner Flyktninghjelpen det er «veldig positivt» at Israel har lova å opne Erez for naudhjelp.

– Dette er absolutt eit stort skifte og kan bety ei stor endring for den humanitære situasjonen til ei sivilbefolkning som er heilt utsvolten.

– Dersom dette no blir implementert, betyr det at vi plutseleg kan få inn masse meir naudhjelp gjennom landevegar som tek 30–40 minutt å ta seg fram på.

– Israel har valt det slik

Vindheim seier det at dei israelske styresmaktene har snudd på dette spørsmålet, viser kor stor påverknadskraft USA har når det «vel å bruke den».

– I nord så er det to grenseovergangar, Karni og Erez. Den einaste grunnen til at dei er stengde er at Israel har valt det slik. Dei kan opnast i morgon dersom det er politisk vilje til det.

-

Ashdod-hamna har også tidlegare blitt brukt til å frakte humanitær hjelp inn i Gaza. Biletet er frå ein demonstrasjon i februar, då aktivistar på ytre høgre i israelsk politikk prøvde å stoppe ein lastebil dei meinte inneheldt ei slik sending.

Foto: OREN ZIV / AFP

– Det er den politiske vilja vi har etterlyst frå USA, frå land som Tyskland og også Storbritannia.

No ber organisasjonen desse landa om å utøve ytterlegare press på Israel til å opne dei attverande grenseovergangane for naudhjelp, og få på plass ei umiddelbar våpenkvile.

Les også FN-domstol krever at Israel sørger for mer mat til Gaza

Skjer etter ein spent telefonsamtale

Det kvite huset i USA seier dei ønsker Israel sine endringar velkomne, og hevdar dei er gjorde på president Joe Biden «si oppfordring».

I ein spent telefonsamtale med statsminister Benjamin Netanyahu i Israel torsdag kveld, varsla president Joe Biden ei skarp endring i amerikansk politikk, ifølge AFP.

U.S. President Joe Biden speaks by phone with Israeli Prime Minister Benjamin Netanyahu from the White House in Washington

Det kvite huset har sendt ut dette biletet frå samtalen mellom Biden og Netanyahu.

Foto: The White House / Reuters

Han sa då at USA sitt politiske forhold til Israel var avhengig av vern om sivile og hjelpearbeidarar i Gaza.

Det kvite huset publiserte eit utsegn kort tid etterpå, som blant anna er meldt av CNN:

– President Biden la vekt på at angrepet på hjelpearbeidarar og den generelle humanitære situasjonen er uakseptable.

USA med sjeldne vilkår

Angrepet som drap sju hjelpearbeidarar frå World Central Kitchen i Gaza har ført til at fleire hjelpeorganisasjonar nøler med å sende sine tilsette inn i krigssona.

USA er Israel sin viktigaste allierte. Dette er første gongen dei har hinta til at støtta deira kjem med konkrete vilkår.

Dette bildet skal vise en av bilene i konvoien til World Central Kitchen på Gazastripen som ble angrepet 02.april, 2024.

Ein av bilane i kolonnen som blei angripen av Israel på Gazastripa tidlegare denne veka.

Foto: Skjermdump / Telegram/Quds News Network

Men Det kvite huset har ikkje gått så langt som å seie at dei ville stoppe våpenstøtta dersom Israel ikkje gjekk krava i møte.

Den amerikanske utanriksministeren Antony Blinken er forsiktig positiv til endringane. Han vil vente og sjå om Israel sine løfte vil føre til at situasjonen blir betre i Gaza.

– Bevisa ligg i resultata. Dei vil kome dei neste dagane og vekene, seier han fredag ifølge Reuters.

USAs utenriksminister Antony Blinken.

USAs utanriksminister Antony Blinken.

Foto: Reuters

Les også USA og Storbritannia øker presset mot Israel

Joe Biden ba Netanyhu om en umiddelbar våpenhvile, ifølge Det hvite hus.

Er du interessert i meir frå Utanriks? Høyr den nye podkasten frå redaksjonen her:

SISTE NYTT

Siste nytt